Storkreps
Storkreps (Malacostraca) er ein klasse krepsdyr som omfattar over 22 000 artar, mellom dei krabbar, hummer, kreps, reker og kril. Det er den best kjende gruppa krepsdyr, og finst i alle hav og i somme terrestriske og ferskvasshabitat.
Storkreps | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Overklasse: | Multicrustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca Latreille, 1802 |
Kjenneteikn
endreKjenneteikna til storkrepsen omfattar:
- Hovud med seks segment, med eit par antennuler, eit par antenner, fasettaugo og munndelar
- Vanlegvis åtte par bein på thorax (mellomkroppen); det første eller dei første er ofte omdanna til maxillipedar, som vert nytta til å ta til seg føde. Ofte er det første paret bein bak maxillipedane omdanna til klør.
- Åtte segmentar på thorax. Cephalothorax, som består av hovudet og thorax, er dekt av ryggskjoldet (carapax).
- Bakkroppen, abdomen, består av seks segment og vert ofte nytta til å symje med.
- Fasettaugo, stundom på stilkar
- To kammer i magen
- Sentralisert nervesystem
Systematikk
endreDenne klassifiseringa følgjer Martin & Davis Arkivert 2006-05-25 ved Bibliotheca Alexandrina sin klassifisering av krepsdyra. Utdøydde grupper er merkte med †.
Klasse Malacostraca Latreille, 1802
- Underklasse Phyllocarida Packard, 1879
- †Orden Archaeostraca
- †Orden Hoplostraca
- †Orden Canadaspidida
- Orden Leptostraca Claus, 1880
- Underklasse Hoplocarida Calman, 1904
- Orden Stomatopoda Latreille, 1817 (sjøknelarar)
- Underklasse Eumalacostraca Grobben, 1892
- Overorden Syncarida Packard, 1885
- †Orden Palaeocaridacea
- Orden Bathynellacea Chappuis, 1915
- Orden Anaspidacea Calman, 1904
- Overorden Peracarida Calman, 1904
- Orden Spelaeogriphacea Gordon, 1957
- Orden Thermosbaenacea Monod, 1927
- Orden Lophogastrida Sars, 1870
- Orden Mysida Haworth, 1825
- Orden Mictacea Bowman, Garner, Hessler, Iliffe & Sanders, 1985
- Orden Amphipoda Latreille, 1816 (tanglopper)
- Orden Isopoda Latreille, 1817 (skrukketroll, tanglus)
- Orden Tanaidacea Dana, 1849
- Orden Cumacea Krøyer, 1846
- Overorden Eucarida Calman, 1904
- Orden Euphausiacea Dana, 1852 (kril)
- Orden Amphionidacea Williamson, 1973
- Orden Decapoda Latreille, 1802 (krabbar, hummer, reker)
- Overorden Syncarida Packard, 1885