Antoine Lavoisier

fransk kjemikar

Antoine Laurent Lavoisier (26. august 17438. mai 1794) var ein fransk adelsmann, ofte kalla far til den moderne kjemien, som har ein framståande plass i historia til kjemien og biologien. Lavoisier var med på å skape det metriske systemet, og samanfatte den fyrste utvida lista over grunnstoff, dessutan ytte han sitt i å reformere terminologien innan kjemien. Han namngav både oksygen, i 1778, og hydrogen, i 1783, og peika på at det då ukjende stoffet silisium måtte finnast i 1787. Han var også den fyrste som godtgjorde at svovel var eit stoff (1777), meir enn eit kjemisk blandingsmateriale. Han oppdaga at trass i at materien kan endre form, så er massen alltid den same.

Antoine Lavoisier

Fødd26. august 1743
Paris
Død8. mai 1794
place de la Concorde
NasjonalitetKongedømet Frankrike, Den første franske republikken
Områdekjemi
Yrkekjemikar, samfunnsøkonom, biolog, fysikar, akademikar, advokat, astronom, skribent, administrator
InstitusjonarFerme générale
Alma materFaculté de droit de Paris
EktefelleMarie-Anne Pierrette Paulze
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Det franske vitskapsakademiet
Paris Bar Association
American Philosophical Society
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Antoine Lavoisier

Lavoisier var ein administrator av skatteomsynet Ferme Générale og ein mektig medlem i mange andre aristokratiske forsamlingar. Desse politiske og økonomiske stillingane sette han i stand til å koste dei vitskaplege undersøkingane hans. Medan den franske revolusjonen var på sitt mest hektiske, skulda Jean-Paul Marat han for å selje forfalska tobakk og andre misgjerningar, og Lavoisier vart til sist giljotinert eitt år etter Marat døydde.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
 

Originaltekst av Antoine Lavoisier ved Wikisource (fr).