Anton Stepanovitsj Arenskij (12. juli 186125. februar 1906) var ein russisk komponist under romantikken.

Anton Arenskij

Fødd12. juli 1861
FødestadNovgorod, St. Petersburg
Død25. februar 1906 (44 år)
DødsstadZelenogorsk
FødenamnАнтон Степанович Аренский, Anton Stepanovitsj Arenskij
OpphavDet russiske imperiet
Aktiv1882–1905
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, dirigent, musikkpedagog, universitetslærar, pianist
Gift medYelizaveta Lachinova
BornPavel Arensky

Liv endre

Arenskij voks opp i ein velhavande og musikkelskande familie og fekk høve til å drive med musikk allereie i ung alder. Etter å ha gått på musikkskolen Russo i St. Petersburg tok han i 1879 til å studere komposisjon og kontrapunkt ved konservatoriet i byen under Nikolaj Rimskij-Korsakov. I 1882 avslutta han studiet med glans og året etter fekk han ein lærarpost i komposisjon ved konservatoriet i Moskva, og i 1889 professortittel. Arenskij hadde ei mengd studentar som seinare blei namngjetne komponistar, gode døme er Sergej Rakhmaninov og Aleksandr Skrjabin. På midten av 1880-åra leid Arenskij av store psykiske problem, ikkje minst på grunn av eit ulukkeleg ekteskap. I 1895 sa han frå seg alle postane sine og blei leiar av tsarens hoffsongarkapell i St. Petersburg. Denne posten hadde han til 1901, og detter det valde han å leve som fri kunstnar; rett nok med ein god pensjon. Dei siste åra hans blei formørka av alkoholisme, spelegalskap og ein tuberkulose som til slutt tok livet hans.

Stil endre

Arenskij utvikla ingen utprega eigen stil; dei første verka hans var prega av læraren Rimskij-Korsakov, seinare av Pjotr Tsjajkovskij. Ein kan òg finne påverknad av Frédéric Chopin og Robert Schumann, dels av franske element. Resultatet er at musikken til Arenskij ikkje kling typisk «russisk», dette i motsetnad til musikken til samtidige landsmenn, som Aleksandr Glazunov og Vassilij Kalinnikov. Generelt sett kan ein seie at Arenskij unngjekk dramatikk og sterke verkemiddel og heller gav dei lyriske elementa ein framståande plass. Mange av verka hans ligg tett opp til salongmusikk; og han blei ofte konfrontert med skuldingar om eklektisisme. Alt dette fekk Rinskij-Korsakov til å spå at Arenskij snart ville vere gløymd. Mange av verka til Arenskij held likevel så høg kvalitet at dei er verde ein nærare bekjentskap.

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre