Antti Tyrväinen

Antti Eerikki Tyrväinen (5. november 193313. oktober 2013) var ein finsk skiskyttar frå Ylöjärvi i Birkaland. Han var ein av dei beste skiskyttarane i verda i fyrste halvdelen av 1960-åra, vann tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje i den årlege, internasjonale meisterskapen i skiskyting i tida 1960-65.

Antti Tyrväinen
Fødd 11. mai 1933
Ylöjärvi
Død

13. oktober 2013 (80 år)
Tammerfors

Yrke skiskyttar

AktivEndra

Tyrväinen vann den olympisk sølvmedaljen i skiskyting under vinter-OL 1960 i Squaw Valley. På 20 km, den einaste skikytingsøvinga i leikane, vart han einast slått av Klas Lestander frå Sverige. Under VM i skiskyting 1962 på finsk heimebane i Tavastehus tok han eit nytt sølv på 20 km, Vladimir Melanjin frå Sovjetunionen vart verdsmeister. Dei same to karane vart nummer ein og to i VM 1963, også då vart det sølv på Tyrväinen. Han tok si tredje og siste VM-medalje, den fyrste i bronse, då Olav Jordet vart verdsmeister på 20 km på norsk heimebane i Elverum, framom Sovjets Nikolaj Puzanov og Tyrväinen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar