Nikolaj Vasiljevitsj Puzanov[a] (7. april 19383. januar 2008) var ein sovjet-russisk skiskyttar frå Kysjtym i Tsjeljabinsk oblast. Han tok sølvmedaljen i den individuelle øvinga under verdsmeisterskapen 1965 på Elverum og vart olympisk meister med Sovjetunionen i 4x7,5 stafett i 1968.

Nikolaj Puzanov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 7. april 1938
Kysjtym
Død

2. januar 2008 (69 år)
St. Petersburg

Yrke skiskyttar
Høgd 179 centimeter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti

Aktiv endre

Perioden 1962-69 deltok Puzanov i alle dei internasjonale meisterskapane i skiskyting. I 1965 vann han sølvmedaljen på 20 km under VM i Elverum, seks tidels sekund føre Antti Tyrväinen frå Finland, og vel 22 sekundar bak verdsmeisteren Olav Jordet. I same meisterskapen gjekk han på Sovjetunionen sitt stafettlag som fekk bronse. To år seinare vart det VM-sølvmedalje på Puzanov og dei andre på Sovjetunionen sitt stafettlag. Under vinterleikane i Grenoble i 1968 vart han så olympisk meister i skiskyting i nettopp stafett, då han og lagkameratane Aleksandr Tikhonov, Vladimir Gundartsev og Viktor Mamatov vann 4 x 7,5 km stafett, framom Noreg og Sverige.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Russisk skrift Николай Васильевич Пузанов

Kjelder endre