Apatosaurus
Apatosaurus eller brontosaurus var ein stor sauropod som levde i juratida for 140 millionar år sidan. Med ei gjennomsnittslengd på 23 meter og ein kroppsmasse på minst like mange tonn var han mellom dei største dyra som har levd på jorda.
Apatosaurus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | Saurischia |
Familie: | †Diplodocidae |
Underfamilie: | †Apatosaurinae |
Slekt: | †Apatosaurus Marsh, 1877 |
Levesett
endreEin trudde lenge Apatosaurus vog for mykje til at han ville kunne bera kroppsvekta si på land, og at han difor levde amfibisk i sumpar og sjøar. Dette vert ikkje støtta av nyare funn. Som sin nære slektning Diplodocus var Apatosaurus eit beitande dyr med særs lang hals og ein tung hale som motvekt. Fossile fotspor tyder på at dei levde i flokk.
Som moderne fugl svelgde Apatosaurus små stein (gastrolittar) for å mala opp dei sterke plantefibrane han åt.
Artar
endre- A. ajax (type)
- A. excelsus (Marsh, 1879c) Riggs, 1903
- A. louisae Holland, 1915
- A. parvus (Peterson & Gilmore, 1902)
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Apatosaurus i Encyclopedia of Life
- (en) Apatosaurus i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Apatosaurus hos Fossilworks
- (en) Kategori:Apatosaurus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Apatosaurus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Apatosaurus – detaljert informasjon på Wikispecies