«Apeman»
Singel av The Kinks
frå albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One
B-side

«Rats»

Utgjeve 20. november 1970
Innspelt August og september 1970 i Morgan Studios, Willesden, London
Sjanger Rock
Lengd 3:51
Selskap Pye 7N 45016 (UK)
Reprise 0979 (USA)
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Lola»
(1970)
«Apeman» «God's Children»
(1971)


«Apeman» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks. Han er skriven av Ray Davies og gjeven ut på albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Songen vart gjeven ut som singel hausten 1970. Han nådde ikkje listene i USA, som føregangaren «Lola», hadde gjort, men vart ein stor hit i Storbritannia der han nådde femteplassen.

Songen omhandlar om at Davies er lei av den moderne verda og erklærer at han ønskjer «sail away to a distant shore og make like an apeman.» Han uttrykker òg korleis mennesket skapar problema våre og at om mennesket fekk sjansen så ville det forlate byane og leve i jungelen i staden. På mange måtar er songen eit samandrag av nostalgien som hadde vore til stades på albuma Lola vs. Powerman og The Village Green Preservation Society.

Ei tekstlinje i songen, «...the air pollution is fogging up my eyes...», skapte noko kontrovers fordi ordet «fogging» høyrest ut som «fucking».

Songen vart spelt av The Format i 2007.

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1970) Plassering
Tyskland (Media Control AG)[1] 8
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[2] 14
Sør-Afrika (Springbok Radio)[3] 12
UK Singles (Official Charts Company)[4] 5
US Billboard Hot 100[5] 45

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre