Apostelen Jakob

(Omdirigert frå Jakob den eldre)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Apostelen Jakob den yngre.

Apostelen Jakob var etter bibelsk tradisjon bror til apostelen Johannes, begge søner av Sebedeus og Salome, sistnemnde syster til Jomfru Maria. Følgjeleg var Jakob syskenbarnet til Jesus. For å skilje han frå den andre apostelen Jakob, vert han òg kalla Jakob den eldre.

Apostelen Jakob

Statsborgarskap Romarriket
Fødd 1. hundreåret
Betsaida
Død

44
Jerusalem

Yrke fiskar, misjonær
Språk klassisk hebraisk, arameisk, koiné
Religion kristendom, Jødedommen
Far Sebedeus
Mor Salome
Ektefelle ukjend verdi
Apostelen Jakob på Commons
St. Jakob - frå museumskyrkja i Carrión de los Condes, Palencia, Spania

Jakob var blant dei fyrste læresveinane Jesus kalla. Før han fekk dette kallet, var han fiskar i Genesaretsjøen. Etter Jesu død og himmelferd vart apostlane Johannes, Jakob og Peter leiarar for dei jødekristne i Jerusalem. Sidan skal Jakob i følgje katolsk tradisjon ha reist ut som misjonær, og slik kom han til Spania. Her synte jomfru Maria seg for han i Saragossa. Miraklet inspirerte han til å byggje den fyrste kyrkja tileigna den heilage jomfru, og misjoneringa gjekk etter tradisjonen noko betre etter at kyrkja var ferdig.

I år 44 reiste Jakob attende til Jerusalem. Der vart han halshogd på ordre frå kong Herodes Agrippa. Slik vart Jakob den fyrste av apostlane til å lide martyrdøden. Liket vart kasta til hundane utanfor Jerusalem, men vart redda av to av læresveinane hans, som frakta det til hamnebyen Jaffa og la det i ein båt av marmor. Båten hadde verken ror eller mannskap - ein engel styrte den over Middelhavet, gjennom Gibraltarstredet og langs Portugal til kysten av Galicia i Nordvest-Spania.

Her vart Jakob til sist gravlagd. Over grava vart det reist ei lita kyrkje, og i nærleiken vart det bygd eit kloster. Byen som voks opp rundt klosteret vart kjend som Campo de la Estella; «stjernemarka». På gammalspansk vart Jakob kalla Santo Iago. Derav namnet Santiago de Compostela - som i dag er eit av dei største pilegrimsmåla i den kristne verda.

Kong Alfonso II av Asturia og León utnemnde Jakob til vernehelgen for det kristne Spania. Han er òg vernehelgen for Chile. Dagen hans vert feira 25. juli, i Noreg kalla Jakob våthatt. Når denne datoen fell på ein søndag kallar spanjolane året «Año Santo»; eit heilag år; desse åra er pilegrimsstraumen til Santiago de Compostela på det største.

Kjelder endre