Apostrophe (')

(Omdirigert frå Apostrophe)
Apostrophe (')
Studioalbum av Frank Zappa
Språk engelsk
Utgjeve 22. mars 1974
Innspelt 1969 - 1974 ved Electric Lady Studios i NYC; Bolic i Inglewood og Paramount Studios i Hollywood
Sjanger eksperimentell rock, komedierock, progressiv rock, hardrock, jazz-fusion
Lengd 31:45
32:02 (2012 remaster)
Selskap DiscReet
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Over-Nite Sensation
(1973)
Apostrophe (') Roxy & Elsewhere
(1974)
Singlar frå Apostrophe (')
  1. «Cosmik Debris»
    Utgjeve: 1974
  2. «Don't Eat the Yellow Snow»
    Utgjeve: 1974

Apostrophe (') er det attande studioalbumet til Frank Zappa. Det kom ut 22. mars 1974[1] i både stereo og kvadrafonisk format. Ein forkorta versjon av den første songen på albumet, «Don't Eat the Yellow Snow», var den første singelen til Zappa som gjekk inn på salslistene då han nådde 86. plass. Apostrophe (') er det mestseljande albumet til Zappa i USA. Det selde til gullplate den 7. april 1976.[2] Albumet nådde 10. plass på Billboard-lista, som vart den høgaste plasseringa til Zappa på lista.

Albumet held fram i same stil som det kommersielle gjennombrotet Over-Nite Sensation (1973), med ei blanding av korte songar som syner humoren og dei musikalske arrangementa til Zappa. Tekstane er ofte bisarre og obskure, utanom «Uncle Remus». Denne songen handlar, som den tidlegare songen «Trouble Every Day», om Zappa sine meiningar om rasedisharmoni.

Musikk endre

Den første halvdelen av albumet følgjer laust eit kontinuerleg tema. «Don't Eat the Yellow Snow» og «Nanook Rubs It» fortel om ein draum songaren hadde då han såg seg sjølv som ein eskimo kalla Nanook.

Som med mange Zappa-album, var Apostrophe (') ei blanding av eldre og nyare innspelingar (det meste av Apostrophe (') (1974) og Over-Nite Sensation (1973) vart spelt inn samstundes). Dei eldre innspelingane er akkompagnementet for «Excentrifugal Forz» (spelt inn under Hot Rats-innspelinga) og «Uncle Remus» (frå The Grand Wazoo). Tittelsporet er frå innspelinga av The Grand Wazoo, og kanskje med nokre ekstra tillegg frå 1973.

Tittelsporet er ein instrumental jam med Cream-bassisten Jack Bruce og trommeslagaren Jim Gordon. Jack Bruce er på omslaget omtalt for å spele bassgitar og for å ha vore medlåtskrivar på tittelsporet.

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [3]
Robert ChristgauB-[4]
Džubokspositiv [5]
Rolling Stonepositiv[6]

Apostrophe vert rekna som eit av dei beste albuma til Zappa. Apostrophe (') (1974) og det føregåande Over-Nite Sensation (1973) vart spelt inn samstundes med dei same musikarane. Innspelinga vert dokumentert i ein episode av dokumentarserien Classic Albums som kom på DVD 1. mai 2007.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnte.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Don't Eat the Yellow Snow»2:07
2.«Nanook Rubs It»4:38
3.«St. Alfonzo's Pancake Breakfast»1:50
4.«Father O'Blivion»2:18
5.«Cosmik Debris»4:14
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Excentrifugal Forz» 1:33
2.«Apostrophe'»Frank Zappa, Jim Gordon og Jack Bruce5:50
3.«Uncle Remus»Frank Zappa og George Duke2:44
4.«Stink-Foot» 6:33

Medverkande endre

Musikarar endre

Produksjon endre

  • Cal Schenkel – omslag, grafisk design
  • Barry Keene – lydteknikar
  • Ferenc Dobronyi – plateomslag
  • Bob Ludwig – teknikar
  • Paul Hof – teknikar
  • Oscar Kergaives – teknikar
  • Brian Krokus – teknikar
  • Mark Aalyson – fotografi
  • Steve Desper – lydteknikar
  • Terry Dunavan – lydteknikar
  • Zach Glickman – marketing
  • Bob Hughes – lydteknikar

Salslister endre

Album endre

Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1974 Pop Albums 10[2]

Singlar endre

Song Liste Peak
position
«Don't Eat the Yellow Snow» Pop Singles 86[2]

Kjelder endre

  1. «Official Zappa Diskografi». Arkivert frå originalen 2. mars 2011. Henta 7. juni 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Charts and Awards for Apostrophe (')». Allmusic. Henta 7. juni 2014. 
  3. Huey, S. «Apostrophe (') - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 7. juni 2014. 
  4. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta 7. juni 2014. 
  5. Vrdoljak, Dražen. «Frank Zappa - Apostrophe». Džuboks (på serbisk) (Gornji Milanovac: Decje novine) (11 (second series)): 22. 
  6. Fletcher, Gordon (6 juni 1974). «Apostrophe ' by Frank Zappa | Rolling Stone Music | Music Reviews». rollingstone.com. 

Bakgrunnsstoff endre