Nordbrunkivi

fugleart
(Omdirigert frå Apteryx mantelli)
Nordbrunkivi
Nordbrunkivi på fjellet Maungatautari Foto: Maungatautari Ecological Island Trust
Nordbrunkivi på fjellet Maungatautari
Foto: Maungatautari Ecological Island Trust
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Nordbrunkivi
Utbreiinga av Nordbrunkivi
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Infraklasse: Palaeognathae
Orden: Apterygiformes
Familie: Apterygidae
Slekt: Kiviar Apteryx
Art: Nordbrunkivi A. mantelli
Vitskapleg namn
Apteryx mantelli

Nordbrunkivi, Apteryx mantelli, er ein kiviart som er utbreidd i dei nordlege to tredjedelar av Nordøya på New Zealand, og med ca. 35 000 gjenlevande individ,[1] er dette den mest vanlege av alle kiviar. Arten er ein del av brunkivikomplekset, tidlegare éin art brunkivi, Apteryx australis, og er morfologisk svært lik dei to andre medlemmene, sørbrunkivi og okaritokivi.

Nordbrunkivi finst på isolerte, fragmenterte stader over store delar av Nordøya. Nordbrunkivi har vist uvanlege tilpassingsevner til å leve på krattaktig åkerland, i plantasjar og i urskog, men dei føretrekk framleis tett, subtropisk og temperert skog.[1]

Hofuglar er ca. 40 cm høge og veg ca. 2,8 kg, hannane er noko mindre ca. 2,2 kg. Fjørdrakta er stripa i raudbrunt og er busta.

Paret har 2-3 kull i året med to egg i kvart kull, nokre gonger eitt egg. Ungane har utvikla fjørdrakt ved klekking, forlèt reiret og kan klare seg sjølv innan ei veke.[1]

Populasjonen er estimert til totalt over 35 000 individ (2008) og er minkande.[1] Nordbrunkivi har status «sterkt truga», i følgje IUCN raudliste, den største trusselen kjem frå rovdyr, slik som hundar, kattar og røyskatt. 94 % av ungane døyr i områda der tiltak mot pattedyr ikkje er utført.[1] Men i område under aktiv forvaltning, kan overlevingsraten for nordbrunkivi vere langt høgare. Til dømes, takka vere pågåande skadedyrskamp i eit område av Tongariro-reservatet, blei overlevingsraten nesten dobla i eit år med tiltak.[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 BirdLife International 2012
  2. Department of Conservation, New Zealand (2012) Tongariro Kiwi Sanctuary Arkivert 2012-01-02 ved Wayback Machine. Henta frå http://doc.govt.nz/ den 7. juli 2012.