Arar i Saudi-Arabia

Arar (arabisk عرعر, ʿArʿar) er ein by og administrativt senter i Den nordlege grenseprovinsen i Saudi-Arabia. Han har eit folketal på 145 237 (folketeljing 2004).[1]

Arar
عرعر
by
Land  Saudi-Arabia
Region Northern Borders
Høgd 536 moh.
Koordinatar 30°59′N 41°1′E / 30.983°N 41.017°E / 30.983; 41.017
Folketal 166 512  (2010)
Folketettleik 166 512 / km²
Grunnlagd 1951
Retningsnummer +966-
Kart
Arar i Saudi-Arabia
30°59′00″N 41°01′00″E / 30.983333333333°N 41.016666666667°E / 30.983333333333; 41.016666666667
Nettstad: www.arar-mu.gov.sa/

Arar ligg nordaust i Saudi-Arabia nær grensa til Irak. Byen er kjend for frodige jordbruksland.

Historie endre

Arar vart grunnlagd i 1951, etter Aramco bygde ei oljerøyrleidning (Tapline) gjennom området. Staden var opphavleg ein pumpestasjon med eit legekontor og hus for arbeidarane. Arbeidarane i Arar kom hovudsakleg frå regionane i Al-Ahsa, Ha'il, Yanbu og Al Wajh.[treng kjelde]

Arar fekk namnet sitt frå det opphavlege oljefeltet som låg her før byen foks til, «Field RR», eit av mange i landet, og dei lokale kalla ham berre «R.R.» som seinare vart ʿArʿar.[treng kjelde] Namnet Arar tyder einer på arabisk.

I 1968 vart det grave fram ruinane av ein eldgammal by kring 30 km frå byen 'Ar'ar. Her fann ein mange skulpturar av fisk, skjelpadder og andre havdyr.

Iraki Airways Flight 163 styrta nær flyplassen i 'Ar'ar den 25. desember 1986.

Den 5. januar 2015 vart to saudiarabiske grensvakter drepen i eit sjølvmordsåtak utført av Den islamske staten ved grenseovergangen i Arar.[2]

Geografi endre

Arar ligg heilt nord i Saudi-Arabia, i hjartet av ei stor, steinete kalksteinsslette. Han ligg kring 1100 km nordvest for Riyadh, og kring 60 km frå grensa til Irak.[3]

Klima endre

Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem klassifiserer klimaet i Arar som varmt ørkenklima (BWh).[4] Vinden bles generelt frå aust eller vest, sjeldan frå sør. Regnfallet over området har minka dei siste åra. Snø er ikkje uvanleg om vinteren, og kjem omtrent kvart andre eller tredje år.

Vêrdata for Arar, Saudi-Arabia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 14,7 17,8 21,8 28,2 37 38,1 40,5 40,2 37,7 31,3 22,5 15,8 28,8
Døgnmiddeltemperatur °C 8,8 11,4 14,6 21,1 26,8 30 33 32,6 29,7 23,8 16,1 9,5 21,5
Gjennomsnittleg min °C 3 5,1 7,4 14 19,6 22,7 25,6 25,1 21,7 16,4 9,7 3,3 14,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 21 9 16 16 2 2 0 0 0 7 8 15 96
Kjelde: Climate-Data.org (høgd: 537m)[4]


Kjelder endre

  1. Arar, Saudi-Arabia Video | Tourism and Events
  2. «Two Saudi guards killed in suicide attack on Irak border». The Guardian. 5. januar 2015. Henta 6. januar 2015. 
  3. Dilip Hiro (19. august 2002). «Irak Woos Its Neighbors». The Nation 275 (6). Henta 20. januar 2014. (krev abonnement)
  4. 4,0 4,1 «Climate: Arar - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 28. oktober 2015.