Arctic Equestrian Games

Arctic Equestrian Games, arrangert av Oslofjord og Vestfold Horse Show AS, er er ein årleg hending for hesteinteresserte, og Noregs største hesteshow.[1] AEG blei arrangert for fyrste gong i februar 2006Oslofjord Convention Center i Stokke. AEG avgrensar seg til ryttarar som er elitestevnekvalifisert.

Oslofjord Convention Center ved Tønsbergfjorden i Stokke kommune

Arrangement endre

AEG 2006 endre

AEG blei gjennomført for fyrste gong i 2006. Under dette arrangementet heldt Briskeby og Sandra Lyng Haugen konsertar, medan Ylvis-brørne og Kjetil og Kjartan opptredde. Det blei også arrangert eit ungarsk hesteshow. Arrangørane fekk kritikk for dårleg transportmogelegheiter og høge matprisar, men ros for servicen og personalet. Nettstaden hest.no skreiv at personalet var «Kun ja-mennesker».[2] Fleire av dei som hadde utstilling og hadde betalt for stand under arrangementet kravde halvparten av pengane tilbake frå arrangøren Vestfold Horse Show AS på grunn av for få besøkande i forhold standpris,[3] noko som blei svart med eit tilbod om enten 20 % refundering av det dei hadde betalt for å ha stand på BCC eller 15 % avslag under AEG 2007 og sikra standplass. I følgje arrangøren valde 85 % den siste løysinga.

AEG 2007 endre

AEG 2007 varte i elleve dagar, og involverte 250 ryttarar og 550 hestar.[4] Den totale premiepotten på dette ridestemnet var på 1,5 millionar NOK.

AEG Promotion Cup endre

I 2008 vart det arrangert ein AEG Promotion Cup der alle rideklubbar i Noreg var med, og dermed kvalifiserte seg for Horze Jumping cup- og Amateur Challenge-klassane. Denne konkurransen blei arrangert av Eirik Berentsen, og vart ein salskonkurranse.[5]

Arena endre

AEG blir halde inne i storsalen på Oslofjord Convention Center, kor hestearenaen måler 28 x 72 meter, og det er publikumsplass til 4 000.

Greinar endre

AEG skil seg ut frå andre hestearrangement ved kombinering mellom greiner som sprang, dressur og mounted games samstundes som det blir arrangert underhaldningshow og -konsertar.

Under AEG blir det òg heldt forskjellige hesteshow som Six Bar, Rid'n Bike, Charity Show, forsøk på noregsrekord i høgdehopp, ponnigalopp, moteshow for hest, unghestauksjon og norsk varmblods hingstkåring.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. AEG – Noregs største hesteshow, arkivert frå originalen 28. desember 2007, henta 16. januar 2008 
  2. Hest.no, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 16. januar 2008 
  3. Hest.no – karakter 4, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 16. januar 2008 
  4. Hesteplassen[daud lenkje]
  5. AEG Promotion Cup, arkivert frå originalen 10. januar 2008, henta 16. januar 2008 

Bakgrunnsstoff endre