Norsk krone

Noregs valuta
(Omdirigert frå NOK)

Norsk krone er valutaen i Noreg. 1 norsk krone = 100 øre. Valutakoden er NOK.

Norsk krone
LandNoreg
Delt i100 øre
ValutakodeNOK
Innført1875
Myntar1 kr, 5 kr, 10 kr, 20 kr
Setlar50 kr, 100 kr, 200 kr, 500 kr, 1000 kr

Historie endre

I Noreg vedtok Stortinget ei pengelov som vart sanksjonert 4. juni 1873 til å gå over til gullstandard og bruke nemninga kroner og øre saman med dalar og skilling, der 1 speciedaler = 4 kroner. I lov om pengevesenet av 17. april 1875 vart dalar- og skillingneminga avvikla, og det vart bestemt at Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre. Dette var ei førebuing til at Noreg 16. oktober same år gjekk inn i den skandinaviske myntunionen.

Etter lova skulle krona ha ein verdi på 25/62 av eit gram fint gull. Hovudmynten vart utmynta som tikroner og tjuekroner i gull.

Frå og med 1. mai 2012 er ikkje 50-øringen ein gyldig mynt lenger.[1]

Valørar endre

Pengesetlane og myntane finst i fylgjande valørar:

Setlar endre

  • 50 kr
  • 100 kr
  • 200 kr
  • 500 kr
  • 1 000 kr

Myntar endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre

  1. Over og ut for 50-øringen