Arctic Umiaq Line

Arctic Umiaq Line A/S eller Arctic Umiaq (AUL) er eit passasjar- og fraktereiarlag på Grønland. Det blei grunnlagt i 1774 under namnet Den Kongelige Grønlandske Handel.[1][2] Reiarlaget har eit skip på ruta Ilulissat-Narsaq langs den vestlege og sørvestlege kysten av Grønland. AUL er 100 % eigd av Royal Arctic Line.[3] Namnet på føretaket er avleidd av det grønlandske ordet for ein tradisjonell inuittbåt, umiaq. Arctic Umiaq-transport via havet er ei livline for heile det vestlege Grønland.[4]

Arctic Umiaq Line

Org.formAktieselskab
CVR‑nummer12334656
BransjeReiarlag
Skipa2006
MorselskapAir Greenland
HovudkontorNuuk, Nuuk
LandGrønland
Nettstadhttp://www.aul.gl/, https://visitgreenland.com/providers/arctic-umiaq-line/

Flåte

endre

Det einaste aktive skip er MS «Sarfaq Ittuk», som blei bygd i 1992 og renovert og opgraderet i 2000.[5]

M/S «Sarpik Ittuk», som segla til Diskobukta og Uummannaq, blei selt til Nova Cruising, eit reiarlag frå Bahamas, i 2006.[6]

Anløpshamner

endre
 
Kystruta til Arctic Umiaq.

Seglasen mellom byane tek mellom 10 til 2 timar. Det er ein heil dags opphald i Nuuk (fredag 07:30–21:00) på den nordgåande reisa og 2-3 timars opphald i Sisimiut under den sør- eller nordgåande reisa.[7]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Arctic Umiaq Line