Are Næss
Are Næss (fødd 14. november 1942) er ein norsk medisinar og politikar frå Bergen. Han var professor ved Haukeland sjukehus og i tida 1993-2001 stortingsrepresentant frå Hordaland for Kristeleg Folkeparti.
Are Næss | |||
| |||
Fødd | 14. november 1942 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 12. august 2024 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, intremedisinar, professor | ||
Alle verv |
|
Næss var son til ein lektor. Sjølv utdanna han seg i medisin og vart 1972 cand.med. og 1981 dr.med. Etter eitt år som turnuskandidat i Bergen og Radøy, arbeidde han 1974-75 som assistentlege på den nevrologiske avdelinga ved Haukeland sjukehus, før han i 1975-77 hadde sitt virke på den medisinske avdelinga på Diakonissehjemmet sjukehus i Bergen. Frå 1977 til-79 var han NAVF-stipendiat. Sidan arbeidde Næss frå 1979 på ny ved Haukeland sjukehus, frå 1983 som spesialist i indremedisin og frå 1986 som spesialist i infeksjonssjukdomar. Perioden 1985-91 var han førsteamanuensis ved Haukeland sjukehus, deretter professor same staden. Gjennom åra fekk Næss prenta mange engelskspråklege artiklar om og frå fagfelt sitt.
Næss engasjerte seg partipolitisk for Kristeleg Folkeparti. I tida 1990-97 var han landsstyremedlem i partiet, medan han i perioden 1993-97 representerte partiet og Hordaland på Stortinget. Som tingmann var han dei fire fyrste åra sekretær i Forsvarskomitéen, dessutan visesekretær i Odelstinget. Tingbolken 1997–2001 var han sekretær i Sosialkomitéen. Elles var Næss 1994-2001 styremedlem i Avholdsfolkets Landsråd.