Are Nakkim

norsk friidrettsutøvar

Are Nakkim (fødd 13. februar 1964) er ein tidlegare friidrettsutøvar som representerte Moss Idrettslag. Han vann sølvmedaljen på 10000 meter i EM i friidrett 1990, og vart noregsmeister åtte gongar på til saman fire ulike distansar. Kjellaug Nakkim er mor hans, og journalisten Kyrre Nakkim ein yngre bror.

Are Nakkim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1964 (57 år)
Idrett friidrett

AktivEndra

Nakkim var Noregs beste langdistanseløpar frå midt på 1980-talet til inn i 1990-åra. Mellom 1984 og 1990 tok han åtte gull-, tre sølv- og tre bronsemedaljar i ulike NM-tevlingar, alt frå 1500 m til 10000 m og 3000 m hinder. Alle desse åra vart han noregsmeister, med unnatak for 1987 då han vart fråløpt av Truls Nygård både på 5000 m og 10000 m, samt spurtslått av Roger Gjøvåg i hinderløypa.

På 10000-meteren under EM i friidrett 1990 i Split spurtslo Nakkim italienaren Stefano Mei og spaniaren Antonio Prieto, og kom inn til sølvmedalje med tida 28.04,0, den suverene vinnaren Salvatore Antibo frå Italia klarte han ikkje å fylgje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Medaljar norske meisterskapEndra

  • 1984: Gull på 10000 m og bronse på 3000 m hinder
  • 1985: Gull på 3000 m hinder og bronse på 5000 m
  • 1986: Gull både på 3000 m hinder og på 5000 m
  • 1987: Sølv både på 5000 m, 10000 m og 3000 m hinder
  • 1988: Gull på 5000 m
  • 1989: Gull på 5000 m og bronse på 1500 m
  • 1990: Gull både på 1500 m og på 5000 m

Nakkim sette norsk rekord på 10000 meter med 27.32,52 meter under Bislett Games den 14. juli 1990, ein rekord som er gjeldande i 2012.

Personlege rekordarEndra

Distanse Tid År
1500 meter 3.42,90 1986
5000 meter 13.19,82 1989
10000 meter 27.32,52 1990
3000 meter hinder 8.24,13 1989
Maraton 2.21.59 1989

KjelderEndra

  • Sporstboken, aktuelle årgangar