Kjellaug Nakkim

norsk politikar

Kjellaug Nakkim (fødd 2. august 1940 i Skiptvet i Østfold) er ein norsk politikar for Høgre. Ho vart innvald på Stortinget frå Østfold i 1989. Ho var vararepresentant i perioden 1985–1989.

Kjellaug Nakkim
Fødd2. august 1940
Skiptvet
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
BarnFrode Nakkim, Kyrre Nakkim, Are Nakkim

Kjellaug Nakkim er mor til Frode Nakkim, informasjonssjef i VitaeLab og tidlegare nyhendesjef i VG, Kyrre Nakkim, samfunnsredaktør i NRK og den tidlegare friidrettsutøvaren Are Nakkim.

StortingskomitéarEndra

  • 1997–2001 medlem i Finanskomitéen
  • 1997–2001 varamedlem i Valkomitéen
  • 1997–2001 medlem i Fullmaktskomitéen
  • 1993–1997 varamedlem i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1993–1997 medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
  • 1993–1997 varamedlem i Valkomitéen
  • 1989–1993 medlem i Samferdselskomitéen
  • 1989–1993 varamedlem i Valkomitéen

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra