Salvatore Antibo (fødd 7. februar 1962) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Altofonte i provinsen Palermo. Han vart dobbelt europameister i 1990, på høvesvis 5000 og 10000 meter.

Salvatore Antibo


Statsborgarskap Italia
Fødd 7. februar 1962 (62 år)
Altofonte
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Aktiv endre

Antibo fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under friidretts-EM 1982, der han enda som sjettemann på 10 000 meter. Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles vart han nummer fire på same distansen, slått med fire hundredels sekund av bornsevinnaren, Michael Musyoki frå Kenya.

Under friidretts-EM 1986 i Stuttgart var Antibo delaktig i den historiske triumfen for Italia på 10000 m. Han sprang då inn til bronsemedalje, 2-3 sekundar bak landsmennene Stefano Mei og Alberto Cova som tok gull- og sølvmedaljane.

Hausten 1988 vann Antibo sølvmedaljen på milløpet under dei olympiske sommarleikane i Seoul. Løpet, som gjekk i høgt tempo, vart vunne av marokkanaren Brahim Boutayeb vel to sekund før Antibo som sette italiensk rekord med 27.23,5. Den 29. juni 1989 forbetra han mil-rekorden til 27.16,5 under ein landskamp i Helsinki, der han drog med seg landsmannen Francesco Panetta til 27.24,1; enno 25 år seinare dei to beste tidene av Italeinske milløparar.

Også i 1990-sesongen heldt Antibo fram å prestere på høgste nivå. I juli sette han i Bologna italiensk rekord på 5000 meter med tida 13.05,5. Under europameisterskapen 1990 i Split, som vart avvikla på tampen av sommaren, vann han gullet på 10 000 m med nær 23 sekundars margin til sølvmannen, norske Are Nakkim. Fem dagar seinare vann Antibo spurten på 5000 m og tok eit nytt EM-gull, fire tidels sekund føre briten Gary Staines.

Antibo deltok i 1992 i si tredje olympiade, i spanske Barcelona sprang han inn til fjerdeplass på 10 000 meter, nett som i 1984.

Antibo vart kjend for å vere ein løpar som sprang i vekslande tempo, trivis auka han farta monaleg, for så å sleppe tetfeltet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre