Argentina Menis (19. juli 19483. mars 2023) var ein rumensk diskoskastar frå Dolj fylke. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved Sommar-OL 1972 i München og i EM 1974. To veker etter dei olympiske leikane i München sette ho verdsrekord med eit kast på 67,32 meter.

Argentina Menis


Statsborgarskap Romania
Fødd 19. juli 1948
Cernele
Død

3. mars 2023 (74 år)

Idrett friidrett
Tok del i

EM i friidrett 1971, athletics at the 1972 Summer Olympics – women's discus throw, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's discus throw, Sommeruniversiaden 1973, Sommeruniversiaden 1975, EM i friidrett 1978

Aktiv endre

Menis melde seg på i verdstoppen i diskoskasting i 1971-sesongen. Ho sette personbeste med 61,08 meter og med eit kast på 59,04 m kom ho på fjerdeplass ved europameisterskapen i Helsinki. Året etter var ho med i ein minneverdig duell om gullmedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i München. I OL-finalen opna Menis med 64,28 m og ny olympisk rekord. I den fjerde omgangen auka ho til 65,06 m. Men verdsrekordhaldar Faina Melnik frå Sovjetunionen druste til med 66,62 meter og sikra seg gullmedaljen. Den 23. september 1972 sletta Menis verdsrekorden til Melnik då ho slengde diskosen 67,32 meter i Constanta. Åtte månader seinare tok Melnik verdsrekorden tilbake.

Både ved universiaden 1973 i Moskva og under europameisterskapen 1974 i Roma enda Menis opp på andreplass, begge gongane slått av Faina Melnik. Også ved universiaden 1975 i Roma vart Menis nummer to, ved det høvet overgått av Marija Vergova frå Bulgaria. Med eit kast på 67,96 meter sette Menis den 15. mai 1976 i Bucuresti sin tiande og siste landsrekord. Under sommarleikane i Montreal same sommaren måtte ho ta til takke med sjetteplass, trass i gode 65,38 m. Ho opp i 1979.

 
Menis under Sommar-OL 1972

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre