Argya

slekt av skrikjetrastar i lattertrastfamilien

Argya er ei biologisk slekt av sporvefuglar i lattertrastfamilien Leiothrichidae. Artane er spreidde over Afrika og Sør-Asia og er typisk ganske store langhala sporvefuglar som søkjer føde i støyande grupper. Medlemmer av denne slekta vart tidlegare plassert i slektene Turdoides og Garrulax, dei fleste i Turdoides.

Argya
Landsbyskrikjetrast, Argya striata
Landsbyskrikjetrast, Argya striata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Leiothrichidae
Slekt: Argya
Lesson, 1831

Etter publiseringa av ein molekylær fylogenetisk studie i 2018, vart Turdoides delt og artar vart splitta ut til den gjenoppretta slekta Argya opphavleg oppretta av den franske naturforskaren René Lesson i 1831.[1] Seinare har arabarskrikjetrast, Argya squamiceps, blitt utpeika som typeart i slekta. Namnet Argya er frå det latinske argutus som betyr «støyande».[2]

Artsliste

Slekt Argya i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4] Informasjon om utbreiing er etter Birdlife International[5]

Bilete Art og utbreiing
Gråskrikjetrast, Argya malcolmi, Large Grey Babbler, (Sykes, 1832), (LC)
India
Oskehovudlattertrast, Argya cinereifrons, Ashy-headed Laughingthrush, (Blyth, 1851), (VU)
Sri Lanka
Smalnebbskrikjetrast, Argya longirostris, Slender-billed Babbler, (Moore, F, 1854), (VU)
Bangladesh, Nepal, Nordaust-India og kanskje Myanmar
Gråpanneskrikjetrast, Argya subrufa, Rufous Babbler, (Jerdon, 1839), (LC)
India
Oransjenebbskrikjetrast, Argya rufescens, Orange-billed Babbler, (Blyth, 1847), (LC)
Sri Lanka
Landsbyskrikjetrast, Argya striata, Jungle Babbler, (Dumont, 1823), (LC)
India
Gulnebbskrikjetrast, Argya affinis, Yellow-billed Babbler, (Jerdon, 1845), (LC)
sørlege India og Sri Lanka
Umbraskrikjetrast, Argya rubiginosa, Rufous Chatterer, (Rüppell, 1845), (LC)
Etiopia, Kenya, Somalia, Sudan, Tanzania og Uganda
Blåbrilleskrikjetrast, Argya aylmeri, Scaly Chatterer, Shelley, 1885, (LC)
Etiopia, Kenya, Somalia og Tanzania
Sumerarskrikjetrast, Argya altirostris, Iraq Babbler, (Hartert, EJO, 1909), (LC)
Irak og det sørvestlege Iran
Tamariskskrikjetrast, Argya huttoni, Afghan Babbler, (Blyth, 1847),
søraust i Irak til sørvest i Pakistan
Krattskriketrast, Argya caudata, Common Babbler, (Dumont, 1823), (LC)
Pakistan og India
Saharaskrikjetrast, Argya fulva, Fulvous Babbler, (Desfontaines, 1789), (LC)
Algerie, Tsjad, Egypt, Eritrea, Etiopia, Libya, Mali, Mauritania, Marokko, Niger, Nigeria, Senegal, Sudan og Tunisia
Arabarskrikjetrast, Argya squamiceps, Arabian Babbler, (Cretzschmar, 1827), (LC)
Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Jemen og det vestlege Saudi-Arabia
Flodskrikjetrast, Argya earlei, Striated Babbler, (Blyth, 1844), (LC)
Pakistan til Myanmar
Kvitstrupeskrikjetrast, Argya gularis, White-throated Babbler, (Blyth, 1855), (LC)
Myanmar

Kjelder

endre
  1. Cibois, Alice; Gelang, Magnus; Alström, Per; Pasquet, Eric; Fjeldså, Jon; Ericson, Per G. P.; Olsson, Urban (2018). «Comprehensive phylogeny of the laughingthrushes and allies (Aves, Leiothrichidae) and a proposal for a revised taxonomy». Zoologica Scripta 47 (4): 428–440. doi:10.1111/zsc.12296. 
  2. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 55. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 25. august 2024
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  5. Birdlife International, Søk på Argya

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Argya