Turdoides
Turdoides er ei biologisk slekt av sporvefuglar i lattertrastfamilien Leiothrichidae. Dette er afrikanske artar som lever sør for Sahara med eit unnatak, nepalskrikjetrast, T. nipalensis. Turdoides er typisk ganske store, langhala fuglar som søkjer føde i støyande grupper. Dei fleste artane har diffus brun eller gråbrun fjørdrakt. Nakenkinnskrikjetrast, T. gymnogenys, syner eit avvik med bleikgrått hovud og underside i kontrast til ei mørkare brun overside.
Turdoides | |
Savanneskrikjetrast, T. plebejus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Leiothrichidae |
Slekt: | Turdoides Cretzschmar, 1826 |
Fleire artar som tidlegare var inkludert i Turdoides har vorte overført til Argya etter ein studie frå 2018 som fann fleire klader.[1] Namnet Turdoides kombinerer namnet for traste-slekta Turdus med det antikke greske -oidēs som betyr «liknar».[2]
Raudnakketimal, T. rufocinctus, som lever i grensetrakta DR Kongo, Rwanda og Burundi, er den einaste som er på IUCN si globale raudliste kategorisert som sterkt truga (EN). Tre artar er kategoriserte som sårbare (VU), alle andre som livskraftige artar.
- Artsliste
Slekt Turdoides i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Nepalskrikjetrast, T. nipalensis, Spiny Babbler, (Hodgson, 1836), (LC)
- Kapusinartimal, T. atripennis, Capuchin Babbler, (Swainson, 1837), (VU)
- Kvitstrupetimal, T. gilberti, White-throated Mountain Babbler, (Serle, 1949), (VU)
- Mahognitimal, T. chapini, Chapin's Babbler, (Schouteden, 1949), (LC)
- Raudnakketimal, T. rufocinctus, Red-collared Babbler, (Rothschild, 1908), (EN)
- Savanneskrikjetrast, T. plebejus, Brown Babbler, (Cretzschmar, 1828), (LC)
- Kvitgumpskrikjetrast, T. leucopygia, White-rumped Babbler, (Rüppell, 1837), (LC)
- Kikuyuskrikjetrast, T. hindei, Hinde's Babbler, (Sharpe, 1900), (VU)
- Skjelskrikjetrast, T. squamulata, Scaly Babbler, (Shelley, 1884), (LC)
- Pilskrikjetrast, T. jardineii, Arrow-marked Babbler, (Smith, A, 1836), (LC)
- Nakenkinnskrikjetrast, T. gymnogenys, Bare-cheeked Babbler, (Hartlaub, 1865), (LC)
- Kvithovudskrikjetrast, T. leucocephala, White-headed Babbler, Cretzschmar, 1826, (LC)
- Svarthetteskrikjetrast, T. reinwardtii, Blackcap Babbler, (Swainson, 1831), (LC)
- Dunkelskrikjetrast, T. tenebrosa, Dusky Babbler, (Hartlaub, 1883), (LC)
- Kvitskrikjetrast, T. bicolor, Southern Pied Babbler, (Jardine, 1831), (LC)
- Sumpskrikjetrast, T. hartlaubii, Hartlaub's Babbler, (Barboza du Bocage, 1868), (LC)
- Tygleskrikjetrast, T. sharpei, Black-lored Babbler, (Reichenow, 1891), (LC)
- Ovamboskrikjetrast, T. melanops, Black-faced Babbler, (Hartlaub, 1867), (LC)
- Masaiskrikjetrast, T. hypoleuca, Northern Pied Babbler, (Cabanis, 1878), (LC)
Kjelder
endre- ↑ Cibois, Alice; Gelang, Magnus; Alström, Per; Pasquet, Eric; Fjeldså, Jon; Ericson, Per G. P.; Olsson, Urban (2018). «Comprehensive phylogeny of the laughingthrushes and allies (Aves, Leiothrichidae) and a proposal for a revised taxonomy». Zoologica Scripta 47 (4): 428–440. doi:10.1111/zsc.12296.
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 392. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 25. august 2024
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)