Arian Engebø
Arianrhod Engebø (fødd 1994 i Førde[1]) er ein norsk journalist, radioprofil og programleiar. Ho vart kåra til «årets unge radioprofil» under Radiodagene 2019 og har sidan januar 2020 vore fast tilsett i NRK P3.[2] Ho var programleiar for Melodi Grand Prix 2023 saman med Stian «Staysman» Thorbjørnsen.[3]
Arian Engebø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1994 (30 år) Førde |
Yrke | journalist, radioprogramleiar, programleiar |
Organisasjon | Norsk rikskringkasting |
Bakgrunn
endreEngebø har ei mor frå Wales og ein far frå Bergen. Namnet hennar er walisisk, og Engebø snakkar også walisisk.[4] Ho vaks opp i Førde i Sunnfjord, og etter videregåande tok ho ein bachelorgrad i journalistikk ved Cardiff University. Ho var nynorskpraktikant i NRK i 2017–2018. Ho byrja deretter som praktikant i NRK P3 på Tyholt i Trondheim og fekk sitt eige radioprogram, Arian, i 2019.[2] Same år vart ho kåra til «årets unge radioprofil» under dei årlege Radiodagane. Ho vart fast tilsett i NRK P3 i januar 2020.
Sidan har Engebø leia fleire store radio- og tv-show. Ho har mellom anna leia programmet StudioP3, og i 2022 var ho programleiar for VG-lista Rådhusplassen saman med Nathan «Nate» Kahungu.[5][6] Engebø leia P3aksjonen i samband med TV-aksjonen 2022, og Melodi Grand Prix 2023 saman med Stian «Staysman» Thorbjørnsen.[7]
Kjelder
endre- ↑ «Arianrhod Engebø – 1 roller i norsk næringsliv». www.proff.no. Henta 8. oktober 2022.
- ↑ 2,0 2,1 «Arianrhod Engebø». NRK Nynorsk mediesenter. Henta 8. oktober 2022.
- ↑ Sand, Camilla (5. oktober 2022). «Arian Engebø og Stian "Staysman" Thorbjørnsen skal lede Melodi Grand Prix 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022.
- ↑ Bakken, Birgitte Vågnes (31. januar 2021). ««NYNORSKTALENT»: Arianrhod Engebø (26) har eige musikkprogram på P3». Framtida (på engelsk). Henta 8. oktober 2022.
- ↑ Langlo, Johannes (19. mai 2022). «Arian og Nate leder VG-lista når Alan Walker og Ballinciaga står på scenen». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022.
- ↑ «VG-lista Rådhusplassen 2022» (på norsk bokmål). 17. juni 2022. Henta 8. oktober 2022.
- ↑ Thomas Talseth (5. oktober 2022). «Kåre Magnus Bergh ute av Melodi Grand Prix-programlederrollen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Arian Engebø» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2023.