Melodi Grand Prix 2023
Melodi Grand Prix 2023 var den 61. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttak til Eurovision Song Contest. Vinnaren av tevlinga får representere Noreg i Eurovision Song Contest 2023.
Melodi Grand Prix 2023 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Delfinale 1 | 14. januar 2023 | |||
Delfinale 2 | 21. januar 2023 | |||
Delfinale 3 | 28. januar 2023 | |||
Finale | 4. februar 2023 | |||
Vertskap | ||||
Delfinale 1 | Screen Studios Nydalen | |||
Delfinale 2 | Screen Studios Nydalen | |||
Delfinale 3 | Screen Studios Nydalen | |||
Finale | Trondheim Spektrum | |||
Programleiarar | Arian Engebø Stian «Staysman» Thorbjørnsen | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 21 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Queen of Kings» | |||
Artist | Alessandra Mele | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2023 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
NRK arrangerte tevlinga, og ho bestod av tre delfinalar i Oslo og ein stor finale i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar 2023.[1] Til saman deltok 21 songar, fordelt på sju songar i kvar delfinale. Frå kvar delfinale røysta sjåarane fram tre bidrag til finalen. I finalen deltok ni bidrag, og vinnaren vart kåra av sjåarane og ein internasjonal fagjury.[2]
Delfinalene vart arrangerte i Screen Studios Nydalen laurdag 14., 21. og 28. januar, medan finalen vart arrangert i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar. Programleiarar for Melodi Grand Prix 2023 var radioprofil Arian Engebø og musikar og låtskrivar Stian «Staysman» Thorbjørnsen.[3][4]
Bakgrunn
endreEin månad etter Eurovision Song Contest 2022 opna NRK for innsending av bidrag til den norske tevlinga i 2023. Fristen for å sende inn bidrag er sett til 18. september 2022.[1]
Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men kvar låtskrivar fekk maksimalt sende inn tre låtar. Kvart bidrag som vart sendt inn måtte ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv».[1]
I tillegg til den opne innsendinga såg NRK etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen. Det vart òg halde eigne låtskrivarsamlingar der målet var å produsere låtar til tevlinga.[5][6]
NRKs jury valde ut deltakarlåtane i november 2022.[1] Til saman deltek 21 låtar, fordelte på tre delfinalar. Deltakarane vart offentleggjorde under ein pressekonferanse i Oslo onsdag 4. januar 2023, og låtane til kvar delfinale vert slopne måndagen i den respektive delfinale-veka.[2]
Format
endreMelodi Grand Prix 2023 bestod, som ved tidlegare år, av fleire delfinalar i forkant av finalen, men i 2023 var arrangementet stramma inn og gjort meir kompakt. Siste sjanse-runden var borte, og antall delfinalar var redusert til tre. Samstundes var det ingen førehandskvalifiserte finalistar, og NRK fjerna duellordninga i delfinalane.[2]
Sjåarane røysta fram tre bidrag frå kvar delfinale, slik at det vart ni bidrag i finalen. I finalen vart resultatet avgjort av sjåarane saman med fleire internasjonale jurygrupper. Jurygruppene bestod av bransjefolk fra eit utvalt land og talde 50 prosent. Publikumsrøystene talde dei resterande 50 prosentane.[2]
Sendingane
endreDelfinalane vart arrangerte høvesvis laurdag 14., 21. og 28. januar 2023 direkte frå Screen Studios i Nydalen i Oslo.[2] Finalen fann stad i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar 2023, den same arenaen som husa finalen i 2020.
Dette var andre gongen Trondheim var vertsby for ein finale, og det var fjerde gongen i Melodi Grand Prix-historien at finalen vart arrangert utanfor Oslo-området.[7] NRK var arrangør for tevlinga, og dei fire sendingane vart overførte direkte på NRK1 og NRK TV. Finalen vart også send på NRK P1.
Sending | Dato | Arena | Antall bidrag |
---|---|---|---|
Delfinale 1 | 14. januar 2023 | Screen Studios Nydalen | 7 |
Delfinale 2 | 21. januar 2023 | 7 | |
Delfinale 3 | 28. januar 2023 | 7 | |
Finale | 4. februar 2023 | Trondheim Spektrum | 9 |
Programleiarar
endreDei fire sendingane vart leia av radioprofilen Arian Engebø og musikaren og låtskrivaren Stian «Staysman» Thorbjørnsen. Begge debuterte som programleiarar for Melodi Grand Prix, men Thorbjørnsen har delteke som artist to gongar: i 2015 som del av duoen Staysman & Lazz med låten «En godt stekt pizza», og i 2021 som del av gruppa Landeveiens helter med låten «Alt det der».[8]
Deltakarar
endreOversyn over deltakarane i Melodi Grand Prix 2023:[9]
Artist | Song | Låtskrivarar |
---|---|---|
Akuvi | «Triumph» | Beatrice Akuvi Hosen Kumordzie, Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov og Konstantinos Vlastaras |
Alejandro Fuentes | «Fuego» | Alejandro Fuentes, Nermin Harambasic, Chris Young og Mateo Camargo |
Alessandra Mele | «Queen of Kings[10]» | Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale |
Atle Pettersen | «Masterpiece» | Andreas Stone Johansson, Hannah Dorothy Bristow og Atle Pettersen |
Bjørn Olav Edvardsen | «Turn off My Heart» | Bjørn Olav Edvardsen, Christian Ingebrigtsen og Henrik Thala |
Byron Williams Jr og Jowst | «Freaky for the Weekend» | Byron Williams Jr og Joakim With Steen |
Eirik Næss | «Wave» | Viktor Ljungqvist, Amalie Olsen og Eirik Næss |
Eline Thorp | «Not Meant to Be» | Jonas Holteberg Jensen, Andreas Stone Johansson, Elsa Søllesvik og Eline Thorp |
Ella | «Waist» | Raphaela Antônia Souza Silva, Timothy John Adam Gosden, Tristan Henry og Isabell Røren Hannevig |
Elsie Bay | «Love You in a Dream» | Elsa Søllesvik, Andreas Stone Johansson og Tom Oehler |
JONE | «Ekko inni meg» | Morten Franck, Christopher Colin Archer, Christine Ekeberg, Audun Agnar Guldbrandsen og Jonas Nes Steinset |
Kate Gulbrandsen[11] | «Tårer i paradis» | Kjetil Mørland og Kate Gulbrandsen[12] |
Maria Celin | «Freya» | Sindre Timberlid Jenssen, Anna Timgren, Gaute Ormåsen, Benjamin Alasu og Erik Fjeld |
Rasmus Thall | «Tresko» | Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Farida Louise Bolseth Benounis og Robin Alexander Vedvik Helmersen |
Sandra Lyng | «Drøm d bort» | Sandra Lyng, Erlend Torheim, Ferdinann West og Kristina Blakli |
Skrellex | «Love Again» | Kai Thomas Ryen Larsen, Michael James Down, Will Taylor, Primoz Poglajen og Jonas Gladnikoff |
Stig van Eijk | «Someday» | Stig van Eijk og Beate Helen Thunes |
Swing’it | «Prohibition» | Martin Jarl Velsin, Jonah Charles Hitchens, Vebjørn Mamen og Sam Peter Norris |
Tiril Beisland | «Break It» | Emma Steinbakken[13], Emelie Hollow, Lars Rossnes og Benjamin Pinkus |
Ulrikke Brandstorp | «Honestly» | Jim Bergsted, Helge Moen, Ben Adams, Ulrikke Brandstorp, Joshua Oliver og Christoffer Gunnestad |
Umami Tsunami med Kyle Alessandro, Kristian Haugstøyl og Magnus Winjum | «Geronimo» | Torgeir Ryssevik, Carl-Henrik Wahl, Bjørn Olav Edvardsen, Sindre Timberlid Jenssen, Lasse Midtsian Nymann og Kristian Lund. |
Sendingane
endreFinalen
endreFinalen vart arrangert i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar og vart overført direkte på NRK1, NRK P1 og NRK TV. Ni melodiar deltok – dei tre låtene med flest sjåarrøyster frå kvar av dei tre delfinalane. Vinnaren i finalen vart avgjort av røystene til sjåarane og ein internasjonal fagjury.
Startnr.[14] | Artist | Tittel | Plass | Poeng | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Jury | Sjåar | Totalt | ||||
01 | Jone | «Ekko inni meg» | 5 | 40 | 30 | 70 |
02 | Eline Thorp | «Not Meant to Be» | 6 | 42 | 18 | 60 |
03 | Skrellex | «Love Again» | 7 | 14 | 40 | 54 |
04 | Ulrikke Brandstorp | «Honestly» | 2 | 60 | 78 | 138 |
05 | Umami Tsunami | «Geronimo» | 9 | 19 | 30 | 49 |
06 | Atle Pettersen | «Masterpiece» | 3 | 94 | 28 | 122 |
07 | Swing’it | «Prohibition» | 8 | 8 | 43 | 51 |
08 | Elsie Bay | «Love You in a Dream» | 4 | 49 | 34 | 83 |
09 | Alessandra Mele | «Queen of Kings[15]» | 1 | 104 | 129 | 233 |
Avrøysting
endreFyrst røysta dei internasjonale jurygruppene på bidraga med poeng i valørane 1, 2, 4, 6, 8, 10 og 12. Det var ti internasjonale jurygrupper med fem medlemmar i kvar gruppe. Totalt gav dei ti juryguppene 430 poeng, og tv-sjåarane hadde like mange poeng til fordeling. Poenga frå sjåarane vart fordelte ut frå kor stor prosentandel kvar song fekk. Dersom eit bidrag fekk 10 prosent av røystene, fekk denne songen 10 prosent av sjåarane sine 430 poeng – altså 43 poeng. Sjåarane kunne berre røyste via nrk.no, og kunne berre røyste éin gong.[16]
Nr. | Tittel | INR | Totalt | ||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | «Ekko inni meg» | 8 | 6 | 4 | 4 | 4 | 6 | 8 | 30 | 70 | |||
2 | «Not Meant to Be» | 1 | 1 | 6 | 6 | 12 | 2 | 8 | 4 | 2 | 18 | 60 | |
3 | «Love Again» | 2 | 2 | 1 | 6 | 2 | 1 | 40 | 54 | ||||
4 | «Honestly» | 4 | 8 | 1 | 10 | 6 | 8 | 8 | 1 | 8 | 6 | 78 | 138 |
5 | «Geronimo» | 10 | 1 | 4 | 4 | 30 | 49 | ||||||
6 | «Masterpiece» | 10 | 4 | 12 | 8 | 10 | 10 | 6 | 12 | 12 | 10 | 28 | 122 |
7 | «Prohibition» | 4 | 1 | 2 | 1 | 43 | 51 | ||||||
8 | «Love You in a Dream» | 6 | 2 | 8 | 2 | 8 | 6 | 10 | 2 | 1 | 4 | 34 | 83 |
9 | «Queen of Kings[17]» | 12 | 12 | 10 | 12 | 12 | 2 | 12 | 10 | 10 | 12 | 129 | 233 |
Talspersonar for jurygruppene[18] | |||||||||||||
|
Delfinale 1
endreDelfinalen vart arrangert i Screen Studios i Nydalen i Oslo laurdag 28. januar 2023 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.[19]
Nr. | Artist[20] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
01 | Alessandra Mele | «Queen of Kings[21]» | Til finalen |
02 | Eirik Næss | «Wave» | Eliminert |
03 | Rasmus Thall | «Tresko» | Eliminert |
04 | Kate Gulbrandsen[22] | «Tårer i paradis» | Eliminert |
05 | Umami Tsunami | «Geronimo» | Til finalen |
06 | Ulrikke Brandstorp | «Honestly» | Til finalen |
07 | Byron Williams Jr og Jowst | «Freaky for the Weekend» | Eliminert |
Delfinale 2
endreDelfinalen vart arrangert i Screen Studios i Nydalen i Oslo laurdag 21. januar 2023 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Nr. | Artist[23] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
01 | Jone | «Ekko inni meg» | Til finalen |
02 | Sandra Lyng | «Drøm d bort» | Eliminert |
03 | Alejandro Fuentes | «Fuego» | Eliminert |
04 | Swing’it | «Prohibition» | Til finalen |
05 | Elsie Bay | «Love You in a Dream» | Til finalen |
06 | Ella | «Waist» | Eliminert |
07 | Bjørn Olav Edvardsen | «Turn off My Heart» | Eliminert |
Delfinale 3
endreDelfinalen vart arrangert i Screen Studios i Nydalen i Oslo laurdag 28. januar 2023 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Nr. | Artist[24] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
01 | Akuvi | «Triumph» | Eliminert |
02 | Tiril Beisland | «Break It» | Eliminert |
03 | Skrellex | «Love Again» | Til finalen |
04 | Eline Thorp | «Not Meant to Be» | Til finalen |
05 | Stig van Eijk | «Someday» | Eliminert |
06 | Maria Celin | «Freya» | Eliminert |
07 | Atle Pettersen | «Masterpiece» | Til finalen |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 NRK (21. juni 2022), «Send inn låt til MGP 2023», NRK (på norsk bokmål), henta 26. juni 2022
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Sand, Camilla (30. november 2022). «Slik blir Melodi Grand Prix 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 30. november 2022.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (5. oktober 2022). «Dei skal vere programleiarar for Melodi Grand Prix 2023». NRK. Henta 5. oktober 2022.
- ↑ Thomas Talseth (5. oktober 2022). «Kåre Magnus Bergh ute av Melodi Grand Prix-programlederrollen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 5. oktober 2022.
- ↑ «MGP 2023 Melodi Grand Prix låtskrivekamp for tekstforfattere, komponister og artister». www.facebook.com (på norsk bokmål). Henta 26. juni 2022.
- ↑ «MGP 2023 Camp BERGEN», The Woods Norway (på engelsk), henta 26. juni 2022
- ↑ Svelstad, Oda Elise (30. november 2022). «Endringar i Melodi Grand Prix 2023: – Vil setje enda fleire kjensler i sving». NRK. Henta 30. november 2022.
- ↑ Sand, Camilla (5. oktober 2022). «Arian Engebø og Stian "Staysman" Thorbjørnsen skal lede Melodi Grand Prix 2023». NRK (på norsk bokmål). Henta 30. november 2022.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (4. januar 2023). «Dette er årets artistar i Melodi Grand Prix». NRK. Henta 4. januar 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Broen, Sara Marie (30. januar 2023). «Slik blir rekkefølgen i MGP-finalen!». NRK (på norsk bokmål). Henta 30. januar 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Svelstad, Oda Elise (4. februar 2023). «MGP-vinnaren om sigeren: – Eg skal gjere dykk stolte!». NRK (på norsk bokmål). Henta 4. februar 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «Medlemmene i den internasjonale juryen». NRK (på norsk bokmål). 4. februar 2023. Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Melodi Grand Prix delfinale 1» (på norsk bokmål). 14. januar 2023. Henta 4. januar 2023.
- ↑ «Slik blir rekkefølgen i første delfinale!» (på norsk bokmål). 11. januar 2023. Henta 11. januar 2023.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Broen, Sara Marie (19. januar 2023). «Slik blir rekkefølgen i andre delfinale!». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. januar 2023.
- ↑ Broen, Sara Marie (25. januar 2023). «Slik blir rekkefølgen i siste delfinale!». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Melodi Grand Prix 2023» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2022.