Vêren

(Omdirigert frå Aries)

Vêren (frå latin Aries) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.Det er eit av stjernebileta i dyrekrinsen og ligg på nordhimmelen mellom Fiskane i vest og Tyren i aust. Biletet er eit av 48 stjernebilete som er skildra av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er eit mellomstort stjernebilete, det 39. største, med eit areal på 441 kvadratgrader (1,1% av himmelkvelvinga).

Veren
Veren
Veren
Latinsk namn Aries
Forkorting Ari
Genitivsform Arietis
Symbologi sjå Den gylne veren
Rektasensjon 3 h
Deklinasjon +20°
Areal 441 kvadratgrader
nr. 39 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne α Ari (Hamal) (2,0. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −60°

Sjølv om Vêren spesifikt syner til bukken som vart nytta til lage det gylne skinnet i gresk mytologi, har biletet vore representert av ein vêr sidan seint i babylonsk tid. Før det danna stjernene i vêren biletet av ein gardsarbeidar. Forskjellige kulturar har nytta stjernene i vêren til andre stjernebilete, som tvillinginspektørar i Kina og ei nise på Marshalløyane. Vêren er relativt lyssvak og består av berre fire lys stjerner: Hamal (Alfa Arietis), Sheratan (Beta Arietis), Mesarthim (Gamma Arietis) og 41 Arietis. Dei få djupromsobjekta i stjernebiletet er lyssvake og består av nokre få vekselverkande galaksar. Fleire meteorregn verkar å stråle ut frå vêren, som dagtidsarietidane og epsilon-arietidane.

Vêren inneheld fleire stjerner med ekstrasolare planetar. HIP 14810, ei klasse G5-stjerne, har tre kjempeplanetar (med meir enn ti gonger massen til jorda).[1] HD 12661 er, som HIP 14810, ei hovudseriestjerne klasse G, litt større enn sola, med to planetar. Den eine planeten har 2,3 gonger så stor masse som Jupiter, og den andre 1,57 gonger massen til Jupiter.[2] HD 20367 er ei klasse G0-stjerne med omtrent same storleik som sola, og med ein planet i bane. Planeten, som vart oppdaga i 2002, har ein masse som er 1.07 gonger massen til Jupiter og ei omlaupstid på 500 dagar.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vêren