Arild Hiim

norsk advokat og politikar

Arild Hiim (fødd 17. august 1945) er ein norsk politimann, advokat, næringsdrivar og politikar frå Hønefoss i Buskerud. Han representerte Buskerud og partiet HøgreStortinget i tida 1989-97.

Arild Hiim
Fødd17. august 1945 (78 år)
Ringerike kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
BarnLars Jacob Hiim
Alle verv

Hiim prøvde seg i unge år som lærar og var i periodar lensmannsbetjent, det siste inn i mellom jusstudiar. Etter juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1972, hadde han ymse stillingar ved Ringerike politikammer på Hønefoss til 1979, så som politifullmektig og politiinspektør. I same perioden, 1972-79, var han medlem i Ringerike kommunestyre. Hausten 1979 vart han vald inn i fylkestinget i Buskerud, der han var fylkesordførar i fire år, 1980-83. Etter attval til fylkestinget i 1983 måtte Hiim vike plass som fylkesordførar, men fekk behalde plassen i fylkesutvalet. Han arbeidde så frå 1984 som disponent i Ringerikes Blad, deretter var han administrerande direktør i firma Berg & Sanboe og i Berg Eiendom 1988–89.

Hiim fekk andreplassen på Buskerud Høgre si valliste til stortingsvalet 1989. Med stor margin vart han vald til å representere partiet på Stortinget 1989-93. Saman med Høgre-kollega Hallgrim Berg representere han Buskerud også i den neste tingperioden. Alle åtte åra på Tinget hadde Hiim sete i Justiskomiteen. Etter at han gjekk ut av Stortinget i 1997 arbeidde Hiim som advokat, seinare dreiv han eige rådgjevarfirma.

Kjelder endre