Opna hovudmenyen

Arild Stavrum

norsk fotballspelar

Arild Stavrum (fødd 16. april 1972) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar. Han er son av den tidlegare Lyn-spissen Ole Stavrum, og bror av Ole Erik Stavrum, tidlegare midtstoppar i Brann og Molde. Stavrum vart tilsett som hovudtrenar i Molde julaftan 2005. Han har tidlegare vore trenar i andredivisjonsklubben Bærum. Som spelar fekk han to A-landskampar for Noregs A-landslag.

Arild Stavrum
Skeid coach Arild Stavrum (3408841026).jpg
Fødd 16. april 1972
Kristiansund
Yrke fotballspelar, fotballtrenar, skribent
Arild Stavrum på Commons

Stavrum starta fotballkarrieren i Clausenengen i heimbyen Kristiansund. I 1991 gjekk han til Brann, der han vart lagkamerat med broren. Arild Stavrum opplevde ikkje suksess i Bergen, og vart seld til Molde etter 1993-sesongen.

I Molde var Stavrum ein desto større suksess. I 1994 vart han toppskårar i klubben, då Molda rykte opp i Eliteserien etter ein sesong på det nest høgaste nivået. Molde vann òg cupen denne sesongen. Året etter skåra Stavrum 16 mål i Tippeligaen då Molde, med «dei tre S'ane» (Stavrum, Solskjær og Sundgot) i føringa, tok sølv i serien.

I 1997 vart Stavrum seld til Stabæk. Etter ein sesong vart han kjøpt av den svenske klubben Helsingborg, der han spela under gamletrenaren frå Molde, Åge Hareide. Den første sesongen i Helsingborg vart Stavrum toppskårar Allsvenskan med atten mål. Sesongen etter vart han svensk seriemeister, og vart igjen klubbens toppskårar. Ved sesongslutt kjøpte den skotske klubben Aberdeen Stavrum.

Han spelte to sesongar i Aberdeen, og vart klubbens toppskårar begge sesongane. Sommaren 2001 melde han overgang til tyrkiske Besiktas, der han spelte to sesongar før han i 2003 returnerte til Molde. I løpet av sitt andre opphald i Molde var Stavrum mykje plaga av skader.

Stavrum la fotballskoa på hylla etter 2004-sesongen, og vart trenar i Bærum. I sin einaste sesong som trenar leia han klubben til fjerdeplass i 2. divisjon, avdeling 1. I 2006 vart han hovudtrenar for Molde som enda på sisteplass i Eliteserien og dermed direkte nedrykk. Dette førte til at Stavrum straks fekk sparken. Han er i dag tilsett som ekspertkommentator i TV2.

Karriere som spelarEndra

Klubb Kampar* Mål* Periode
  Clausenengen ? ? ????-1990
  Brann 25 3 1991-1993
  Molde 73 45 1994-1996
  Stabæk 26 7 1997
  Helsingborg 52 29 1998-1999
  Aberdeen 54 26 1999-2001
  Besiktas 18 5 2001-2002
  Molde 27 1 2003-2004

* Berre seriekampar.