Ole Gunnar Solskjær

norsk fotballspelar og -trenar

Ole Gunnar Solskjær (fødd 26. februar 1973 i Kristiansund) er ein tidlegare norsk fotballspelar mest kjend som spelar for Manchester United F.C. frå 1996 til 2007. Han har jobba som fotballtrenar for Molde Fotballklubb sidan januar 2011.

Ole Gunnar Solskjær


Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. februar 1973 (51 år)
Kristiansund kommune
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1998, EM i fotball 2000
Utmerkingar Olavstatuetten, Peer Gynt-prisen, Kniksenprisen for årets trener, Årets Kniksen, Kniksens hederspris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Karriere

endre

Solskjær debuterte for Clausenengen som 17-åring. For Clausenengen laga han 115 mål på 109 kampar. Siste året i Clausenengen i 2. divisjon skora han 31 av laget sine 47 mål, før han vart henta av Åge Hareide og Molde i 1994 for 200 000 kr. Solskjær skora 21 mål for Molde første året i klubben og vart òg teken ut i landslagstroppen. Etter halvtanna år i Molde vart han henta av Alex Ferguson til Manchester United, der han spelte frå 1996/97-sesongen til 2007/2008-sesongen. Totalt skora han 115 mål på 329 kampar for Manchester United.

I 1999 avgjorde Solskjær Champions League-finalen mot Bayern München då han sette inn vinnarmålet to minuttar på overtid.

27. august 2007 la Solskjær opp grunna kneskader. Kneskaden har vore under operasjon sju gonger. Solskjær spelte til saman 67 landskampar og skora 23 mål for Noreg.

Solskjær har no starta som fotballtrenar i Molde Fotballklubb, der han har gjort ein svært god sesong til noverande tidspunkt.

Utmerkingar

endre

Karriere som spelar (alle turneringar)

endre
Klubb Kampar Mål Tidsrom
  Clausenengen 109 115 1990-1994
  Molde FK 42 31 1994-1996
  Manchester United F.C. 366 126 1996 - 2007

Merittar

endre
  • Vinnar av Meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2007 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1999 og 2004 med Manchester United

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre