Opna hovudmenyen
Statsarkivet i Oslo og Riksarkivet har tilhald i den same bygningen i nærleiken av Sognsvann i Oslo.

Statsarkivet i Oslo er ein depotinstitusjon som høyrer til Arkivverket og tek seg av arkivmaterialet frå den lokale og regionale statlege forvaltninga i fylka Oslo, Østfold og Akershus. Statsarkivet i Oslo har dessutan som si oppgåve å føre tilsyn med arkivtilhøva i den offentlege forvaltinga, inklusive den kommunale sektoren, og er såleis både eit forvaltningsorgan og ein vitskapleg kulturverninstitusjon.

I Statsarkivet i Oslo finst dokument frå slutten av 1500-talet, men mesteparten av arkivmaterialet er frå kring 1750 og framover. Til saman er det meir enn 19.200 hyllemeter med arkivsaker i dei magasina som Statsarkivet i Oslo rår over i bygningen dei har saman med Riksarkivet attmed Sognsvann stasjon på Sognsvannsbanen i Oslo. Av dette er 125 hyllemeter kommunale arkiver og 600 hyllemeter arkiver som private har laga seg.

Statsarkivet i Oslo yter tenester til ålmenta ved å stille arkivmateriale til rådvelde for gjennomlesing på institusjonens lesesal, og kan gje opplysningar om tilgjengeleg arkivmateriale og hjelpe til rette i ein viss mon. Folk som treng arkivmateriale for dokumentasjon av sine juridiske rettar eller av andre årsaker, vil såleis kunne få hjelp ved å vende seg til arkivet. Mykje av arkivmaterialet er dessutan lagt ope ut på Internett, som til dømes kyrkjebøker, borgarlege lysings- og vigselsbøker, dødsfallsprotokollar, tinglysingsmateriale fram til 1950, og tingbøker[1].

Statsarkivet i Oslo vart skipa i 1914 med namnet Stiftsarkiverne i Kristiania, og hadde då ansvaret for å take vare på materialet frå dei lokale embetsarkiva i Hamar, Kristiania og Kristiansand stift. Etter at Statsarkivet i Hamar vart skipa i 1917, tok dei over embetsarkiva frå Hedmark og Oppland, og materialet frå Kristiansand stift vart ført over til Statsarkivet i Kristiansand då det stod ferdig i 1934. Den siste endringa skriv seg frå 1992, då Statsarkivet i Kongsberg vart formelt oppretta, og arkivmaterialet frå Buskerud, Telemark og Vestfold vart overført dit i 1994.

Namnet Stiftsarkiverne i Kristiania vart endra til Statsarkivet i Kristiania i 1919 og til Statsarkivet i Oslo i 1924.

FotnoteEndra

BakgrunnsstoffEndra