Arktitsjeskij Institut-øyane

Arktitsjeskij Institut-øyane (russisk Острова Арктического института) er ei lita øygruppe med smale øyar dekte av tundra. Dei ligg i Karahavet, om lag 173 km nord for kysten av Sibir og 45 km sør for næraste øygruppe, Izvestij TSIK-øyane.

Arktitsjeskij Institut-øyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Arktitsjeskij Institut-øyane
75°31′0″ N 82°4′0″ E
Wikimedia Commons: Arkticheskiy Institut Islands
Plasseringa til Arktitsjeskij Institut-øyane i Karahavet.

Avstanden mellom den nordlege og sørlege enden av øygruppa er 49,5 km og på det breiaste er ho berre 21 km frå aust til vest. Den største av øyane vert kalla Bolsjoj ('Stor').

Det er mykje pakkis i havet omkring Arktitsjeskij Institut-øyane gjennom den lange vinteren og klimaet er hardt. Sjølv om sommaren er det mykje isflak i havet.[1]

Øygruppa høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland og er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.[2]

Arktitsjeskij Institut-øyane vart kalla opp etter Det arktiske og antarktiske forskingsinstituttet i Sovjetunionen.

Øya Sidorova vart kalla opp etter den sibirske handelsmannen og gullgruveeigaren Mikhail K. Sidorov (1823-1887), som hadde ein visjon om å utvikla handel langs Nordaustpassasjen.[3]

Kjelder endre

Sjå òg endre

Koordinatar: 75°32′N 82°05′E