Arna gymnas var ein vidaregåande skule i Arna bydel i Bergen kommune. 1. august 2006 vart han slått saman med Garnes vidaregåande skule, og det nye namnet vart Garnes vidaregåande skule.[1]

Arna gymnas
SkuletypeVidaregåande skule
Org.formUndereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning
Org.nummer974557053
Grunnlagd1935
Nedlagd1. august 2006
Region/fylkeHordaland
KommuneBergen
StadGarnes
AdresseGarnesstølen 63
5264 GARNES
EigarHordaland fylkeskommune
Kart
Arna gymnas
60°26′32″N 5°27′37″E / 60.442222222222°N 5.4603611111111°E / 60.442222222222; 5.4603611111111

Historie endre

Skulen vart skipa som middelskule i 1935, og hadde ikkje eksamensrett.[1] Frå 1950 fekk skulen eksamensrett og vart realskule.[1] I 1965 vart skulen gymnas.[1] Frå 1972 til 1976 husa skulen to av klassene til Garnes Husflidskule. Husflidskulen, seinare Garnes vidaregåande skule, har sidan 1972 nytta gymsalen til Arna gymnas. Hausten 1977 starta skulen eit samarbeid med Garnes Husflidskule og Arna yrkesskule om eit toårig grunnkurs, og då elektronisk tekstbehandling kom inn på undervisningsplana låna gymnaset vekk utstyr, lærar og rom til husflidskulen.

1. august 2006 vart Arna gymnas slått saman med Garnes vidaregåande skule, og fekk namnet Garnes vidaregåande skule. Garnes vidaregåande skule føreslo at den nye skulen skulle få namnet Garnes vidaregåande skule etter staden skulen ligg på, eller Hambro vidaregåande skule etter Cristian Hambro som i 1887 starta Garnes Folkehøiskole på Garnes.[2] Arna gymnas ville at skulen skulle få namnet Arna vidaregåande skule, eit namn Arna yrkesskule tok i bruk i 2010.[2] Den nye skulen fekk to avdelingar. Avdeling Garnesstølen heldt til lokalane til Arna gymnas, og avdeling Tunesvegen heldt til i lokalane til Garnes vidaregåande skule. Ein ny rektor vart tilsett, tidlegare lærar på Garnes vidaregåande skule frå 1975 og hovudlærar frå 1977, Aud Åsne Kvamme. 1. august 2016 vart Garnes vidaregåande skule slått saman med Arna vidaregåande skule. Den nye skulen fekk namnet Arna vidaregåande skule, og har tre avdelingar: Vestlivegen, Garnesstølen og Tunesvegen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Arna gymnas». Bergen byleksikon. Henta 7. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Nytt namn på Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule» (PDF). Hordaland fylkeskommune. 26. juni 2006. Henta 7. desember 2016.