Garnes vidaregåande skule

{{Infoboks skule

bilete = Garnes_vgs.JPG

| bilettekst = Avdeling Tunesvegen | type = Vidaregåande skule | motto = Kreativitet, læring, utvikling og trivsel | grunnlagt = 1888 | nedlagt = 1. august 2016 | fylke = Hordaland | kommune = Bergen | tettstad = Garnes | adresse = Garnesstølen 63
5264 GARNES
Tunesvegen 35
5264 GARNES | rektor = Aud Åsne Kvamme | klasser = | elevar = | tilsette = | eigar = Hordaland fylkeskommune | nettstad = }} Garnes vidaregåande skule var ein vidaregåande skuleGarnes i Arna bydel i Bergen kommune. 1. august 2016 vart han slått saman med Arna vidaregåande skule, og tok namnet til sistnemnde. Skuleåret 2016/17 var det siste året ein kunne søkje til kvar av dei to skulane.

Historie endre

Garnes vidaregåande skule vart skipa som Bertha Garnæs' Handgjerningsskole av Bertha Garnæs i 1888. Skulen var ein privat jenteskule, og heldt til i eit leigd lokale i Ytre Arna i dåverande Haus kommune, no Bergen kommune. Garnæs dreiv skulen aleina, og utan tilskot frå det offentlege. Fyrst i 1897 fekk ho hjelp, frå niesa Anna Garnæs. I 1890 flytta ho skulen til Garnes, der ho leigde fyrste etasje i det privatåtte huset «Fredlund». Same år reiste niesa til Christiania, og Bertha Garnæs fekk to tidlegare elevar til å hjelpe med undervisninga. Niesa kom attende til skulen i 1991. Ein gong mellom 1900 og 1905 kjøpte Garnæs ein del av garden til sin bror, Rasmus Garnæs. Same dag som unionsoppløysinga, 7. juni 1905, starta ho bygging av ny skule på tomten ho hadde kjøpt. Heller ikkje no fekk ho nokon tilskot til skulen, sett bort i frå 200 kroner frå Haus kommune for året 1901, og 500 kroner frå fylket i perioden 1901 til 1905. Skulehuset fekk namnet «Ljosheim», og stod ferdig same haust. Ho starta opp undervisninga 26. september. I tillegg til skulehuset vart det bygd eit uthus. I 1913 kjøpte ho meir jord, denne gongen av Per Garnes. Ho bygde på både skulehuset og uthuset. Frå 1906 til 1917 fekk ho 1 000 kroner i året frå fylket, noko som auka til 1 500 kroner i 1918, 2 500 i 1921 og 3 000 frå 1922. Tilskota frå kommunen var små, og ho fekk ei tid 50 kroner i året, men i 1929 var det komen opp i 250 kroner. Skulen skulle opphavleg ikkje hatt tilskot frå fylket av di han ikkje var kommunal. I 1927 tok Anna Garnæs over som skulestyrar, og Bertha Garnæs heldt fram som lærar til ho gjekk av i 1931.

I 1930 endra skulen namn til Garnes Handarbeidsskule, mellom anna av di Haus kommune hadde innført nynorsk som skulemål. Skulen missa tilskotet frå fylket i 1931, og Anna Garnæs nytta eigne pengar som ho sette inn i Bergens Privatbank . Skuledirektøren tykkja ikkje at dette var greitt, og for å få tilskot frå fylket måtte skulen vere kommunal og ikkje krevja inn skulepengar. 20. august 1931 sendte Anna Garnæs ein formell søknad til Haus skulestyre, og allereie 26. september vart skulen godkjend som kommunal skule av både Haus skulestyre og kommunestyre. Av di skulen vart kommunal måtte ein søkje for å kunne verte tilsett som lærar. Anna Garnæs søkte og vart tilsett frå 1. desember, men ho måtte ha godkjend utdanning for å undervise. Det fekk ho fyrst i 1933, med hjelp frå Kornelius Bergsvik og Johan Garnes, som båe var stortingsmenn frå Haus. Det var òg diskusjon rundt pengane ho hadde set i Bergens Privatbank, men i 1933 vart det fastsett at ein kunne nytta private midlar eller krevja inn skulepengar sjølv om ein fekk tilskot frå fylket. Frå 1931 til april 1933 måtte Anna Garnæs nytte eigne pengar for å halde skulen i gang. Bertha Garnæs døydde i 1938, og Anna Garnæs kjøpte skuletomta.

8. april 1940 var siste skuledag før sumaren, og elevane som budde på skulen reiste heim. Dagen etter, 9. april, braut krigen ut, og kort tid etter kravde tyske soldatar å nytte skulen som opphaldsstad på veg til Vaksdalsfjella. Det vart òg plassert tyske soldatar på Garnes. Nokon av dei budde i skulehuset sin kjellar. Hakekorsflagget vart heist på flaggstonga då Slaget ved Narvik tok slutt, men vart teke ned kort tid etter protestar frå Anna Garnæs. Hausten 1940 starta undervisninga att på skulen.

I 1943 byrja Haus kommune å betala husleiga på 500 kroner i året, men fram til 1947 nytta ho eigne pengar for å gje lærarane løn, samstundes som ho ikkje kravde skulepengar frå elevane. Frukt- og bærhagen på tomten og utleige av skulehuset om sumaren var ein ekstra inntekt for skulen.

I 1947 vart det tilsett endå ein lærar, Aslaug Garnes, niesa til Anna Garnæs. Aslaug Garnes hadde sjølv vore elev på Garnes Handarbeidsskule. Anna Garnæs gjekk av 1. januar 1950, og frå 1961 var Aslaug Garnes Johnsen einaste lærar på skulen. Fram til 1960 hadde skulen drive korte kurs i handarbeid, men frå 1961 vart kursa lengre. Anna Garnæs døydde i 1962, og Johnsen kjøpte skuletomten. I 1964 vart fastlandsdelen av Haus kommune til Arna kommune. Samstundes vart det set igong ein ny skulereform, og skulen tok eit val om å verte omskipa til husflidskule. 1. juli 1968 vart Garnes Handarbeidsskule ein fylkeskommunal husflidskule, framleis berre for jenter. Skuleåret 1969/69 fekk skulen attende ei klasse, slik at skulen no hadde to klasser. Etter at Hordaland fylkeskommune tok over måtte ein søkje for å verte tilsett på skulen. Rektorstillinga gjekk til Aslaug Garnes Johnsen, som sidan 1950 hadde vore fyrstelærar. To andre kvinner vart tilsett som lærarar. Skulen hadde plass til 24 elevar, men hadde 59 søkjarar. Året etter, i 1970, endra skulen namn til Garnes Husflidskule. I april 1971 sendte skulen nye teikningar til nytt skulebygg til fylkeskommunen, etter at dei fyrste teikningane som vart sendt med i søknaden om omskipinga til husflidskule ikkje var gode nok. Hausten 1971 fekk ein plass til to nye klasser ved å leiga to klasserom på Garnes barneskule. Dei to klassene vart året etter flytta til Arna gymnas. Sidan 1972 har gymsalen til Arna gymnas vorte nytta av Garnes Husflidskule.

For å få byggje nytt skulebygg måtte Johansen sjølv take opp lån og vere byggherre for prosjektet. Avdrags- og rentekostnadane skulle dekkjast av Hordaland fylke og Arna kommune. halvparten kvar. 1. januar 1972 vart Arna kommune ein del av Bergen kommune, og det var no Bergen som måtte dekkje 50 prosent av avdrags- og rentekostnadane. Eit anna krav var at når Johnsen hadde nedbetalt lånet skulle det nye skulebygget overførast til Hordaland fylkeskommune. Frå staten fekk Johnsen 200 000 kroner til bygginga, og med 2 230 000 kroner i lån frå 16 banker og trygedlag kunne bygginga starte. Det nye skulebygget vart offisielt opna 9. juni 1976, men allereie 21. april hadde dei to klassene som heldt til på Arna gymnas flytta inn. Bygget hadde plass til fem klasser, men hadde i ein periode seks klasser. Frå hausten 1977 samarbeida skulen med Arna gymnas og Arna yrkesskule om eit toårig grunnkurs. Då elektronisk tekstbehandling kom inn på timeplana fekk skulen låna utstyr, lærar og rom på Arna gymnas. Som vidaregåande skule fekk òg gutar søkje seg til skulen, og talet på søkjarar auke år for år. Dei fyrste hundre åra hadde skulen totalt 5 080 elevar. 1. august 1988 endra skulen namn til Garnes vidaregåande skule. Aslaug Garnes Johnsen gjekk av som rektor i 1994.[1] Asbjørg Hesjedal Sandstedt vart ansett som ny rektor. Ho hadde arbeidd som lærar på skulen frå 1982 til 1986, som undervisningsinspektør frå 1987 og fram til ho tok over rektorstillinga i 1995.[2]

 
Arna gymnas, seinare kjend som avdeling Garnesstølen etter samanslåingen med Garnes vidaregåande skule.

1. august 2006 vart Garnes vidaregåande skule slått saman med Arna gymnas, og fekk namnet Garnes vidaregåande skule. Garnes vidaregåande skule føreslo at den nye skulen skulle få namnet Garnes vidaregåande skule etter staden skulen ligg på, eller Hambro vidaregåande skule etter Cristian Hambro som i 1887 starta Garnes Folkehøiskole på Garnes.[1] Arna gymnas ville at skulen skulle få namnet Arna vidaregåande skule, eit namn Arna yrkesskule tok i bruk i 2010.[1] Den nye skulen fekk to avdelingar. Avdeling Garnesstølen heldt til lokalane til Arna gymnas, og avdeling Tunesvegen heldt til i lokalane til Garnes vidaregåande skule. Ein ny rektor vart tilsett, tidlegare lærar på Garnes vidaregåande skule frå 1975 og hovudlærar frå 1977, Aud Åsne Kvamme. Dei siste åra har avdelingen i Tunesvegen hatt undervisning i medium og kommunikasjon, medan avdeling på Garnesstølen har hatt undervisning i studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. Frå hausten 2014 hadde skulen tilbod i toppidrett i samarbeid med Arna-Bjørnar fotball og Bjørnar håndball. I 2016 vart det kjend at skulen ville verte den fyrste norske vidaregåande skulen med e-sport på undervisningsplanen.[3]

1. august 2016 vart Garnes vidaregåande skule slått saman med Arna vidaregåande skule. Den nye skulen fekk namnet Arna vidaregåande skule, og fekk då tre avdelingar: Vestlivegen, Garnesstølen og Tunesvegen. Avdeling Tunesvegen, der Bertha Garnæs bygde skulehuset «Ljosheim» i 1905, vart lagt ned etter skuleåret 2016/17 vart avslutta.

Namn endre

  • 1888–1930: Bertha Garnæs' Handgjerningsskole
  • 1930–1970: Garnes Handarbeidsskule
  • 1970–1. august 1988: Garnes Husflidskule
  • 1. august 1988–1. august 2016: Garnes vidaregåande skule

Sjå òg endre

Kjelder endre

Johnsen, Aslaug Garnes (1988). Garnes husflidskule 100 år : 1888-1988 : frå privat handgjerningsskule til fylkeskommunal vidaregåande skule. Bergen. ISBN 8299182018. 

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Nytt namn på Arna gymnas og Garnes vidaregåande skule» (PDF). Hordaland fylkeskommune. 26. juni 2006. Henta 4. desember 2016. 
  2. «Nye rektorar i den vidaregåande skolen. August 2008». Hordaland fylkeskommune. Henta 4. desember 2016. 
  3. «Dette skal bli Norges første videregående skole med e-sport på timeplanen». gamer.no. 8. januar 2016. Henta 4. desember 2016.