Arne Fagerholt (fødd 9. juli 1964 i Orkdal) er ein norsk ballettdansar, songar, koreograf, skodespelar, pedagog, teatersjef og kulturleiar. Han er mest kjend for å ha vore dansar, koreograf og leiar for dansegruppa Carte Blanche.

Arne Fagerholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1964 (60 år)
Yrke koreograf, dansar

Songkarriere

endre

Som barn var Arne Fagerholt ein populær songar som turnerte Norge og USA. Han gav ut ei langspel-plate med sine mest kjende melodiar i 1975.[1]

Utdanning

endre

Fagerholt er utdanna ved Statens Balletthøgskole i perioden 1980–1983.

Nasjonalballetten

endre

Han vart tilsett i Nasjonalballetten i 1983 og utnemnd til solist i 1985. Han dansa mellom annet «Amor» i Sylvia, «Benno»/«Narren» i Svanesjøen (Arova/Nurejev), «Sønnen» i Tango Buenos Aires og «Solan Gundersen» i Flåklypaballetten

Andre arenaer

endre

Koreografen Kjersti Alveberg skapte fleire verk og solistparti for Fagerholt på 1980-talet, deriblant signaturverket Spirits (1987) som var tinga av Eurovision og ZDF i Tyskland. Alveberg koreograferte òg soloen hans til Eurovisjonens internasjonale konkurranse for unge dansarar i Reggio Emilia i Italia i 1985, der han vann ein oppsiktsvekkjande sølvmedalje. I 1988 var han gjestedansar i det italienske kompaniet Il Balletto di Venezia under leiing av Giuseppe Carbone og Birgit Cullberg.

Carte Blanche

endre

Arne Fagerholt var dansar i Carte Blanche frå 1987 til 1992. Seinare koreograferte han for ensemblet og leia teatret i sju år.

Skodespelar

endre

Han debuterte som skodespelar ved Den Nationale Scene i 1992 som Shepard i Det perfekte kysset av Staffan Göthe, i eit stykke han samstundes koreograferte, og han spelte tittelrolla i Peter Pan (1993) ved Den Nationale Scene og Mowgli (1996) ved Riksteatret.

Koreograf

endre

Han debuterte som koreograf med Heartaches for Nye Carte Blanche i 1991. Vidare koreograferte han Spelet om Heilag Olav i 15 år frå 1997. I 2008 fekk han Stiklestadprisen for arbeidet med Spelet.

I 1998 koreograferte han heilaftanballetten Pinocchio for Nasjonalballetten I 2000 koreograferte han Jesus Christ Superstar ved Trøndelag Teater og Genanse og verdighetNationaltheatret. Han hadde fleire koreografiske oppgåver for Statens Balletthøgskole, for norske teaterscenar og ulike prosjekt.

I 2013 skapte han framsyninga Patina med 25 orkdalsdamer (ikkje-danserar) mellom 67 og 88 år. Framsyninga vart sett opp med lokale amatørar fleire steder i landet; i Haugesund, Bærum, Larvik, Bergen og Finnsnes/Harstad.

I 2016 skapte han danseteaterframsyninga «På lokalet» for Sogn og Fjordane Teater. For Operaen i Kristiansund regisserte han framsyningane Kiss Me Kate (2018) og Spelemann på taket (2020).

Pedagog

endre

Han arbeidde som leiar for danselina (2000–2001) og var pedagog i klassisk ballett ved Statens Balletthøgskole i lengre perioder på 1990-talet. Han har vore gjestelærar ved fleire dansekompanier i Norden. I 2009 og 2010 var han lektor i klassisk ballett ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).

Teatersjef

endre

Frå 2001 til 2008 var han teatersjef for Carte Blanche i Bergen. I 2023 vart han tilsett som teatersjef for Turnéteatret i Trøndelag.

Kulturleiar

endre

Frå 2011 til 2022 var han kulturleiar i heimkommunen Orkdal, seinare Orkland kommune.

Operaregissør

endre

Han debuterte som operaregissør med La Traviata for Opera Nordfjord hausten 2022, og iscenesetjinga vart sett opp att ved Operaen i Kristiansund[2] og Opera Trøndelag i 2024.[3]

Styreverv

endre

Fagerholt har hatt fleire styreverv, mellom anna i Norske Dansekunstnere, Statens Balletthøgskole, Danseinformasjonen, Nye Carte Blanche, Borealis og Norsk Teater- og Orkesterforening.[treng kjelde] Han var leiar av Faglig utvalg for dans og rådsmedlem i Norsk kulturråd frå 2012 til 2017. I 2021 vart han medlem av styret i Den Norske Opera & Ballett.[4]

Priser og utmerkingar

endre

Diskografi

endre
  • 12 «freske» låter og en 11-åring – LP, 1975

Kjelder

endre
  1. «12 "freske" låter og en 11-åring (1975)». Rockipedia. Arkivert frå originalen 31. august 2022. Henta 1. september 2022. 
  2. «La Traviata», Operaen i Kristiansund (på norsk bokmål), henta 5. september 2024 
  3. Eggen, Lars (1. desember 2023), «La Traviata», Opera Trøndelag SA (på norsk bokmål), henta 5. september 2024 
  4. «Nytt styre for Den Norske Opera & Ballett». scenekunst.no. 15. juni 2021. Henta 4. september 2024. 
  5. «Stiklestadprisen til Arne Fagerholt», Vårt Land (på norsk), 30. juli 2008, henta 5. september 2024 

Bakgrunnsstoff

endre