Koppang er administrasjonssenter i Stor-Elvdal kommune i Innlandet. Tettstaden har 1 018 innbyggjarar per 1. januar 2023, og ligg ved Glåma i Østerdalen. Frå Koppang er det kring ni mil sør til Elverum.

Koppang
tettstad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Stor-Elvdal
Areal 1,99 km²
Folketal 1 018  (2023)
Folketettleik 512 / km²
Postnummer 2480 KOPPANG
Preposisjon Koppang
Kart
Koppang
61°34′17″ N 11°2′48″ E
Wikimedia Commons: Koppang

På Koppang er det daglegvarebutikkar, bensinstasjon, serveringsstader, hotel, bank, bilverkstad, sjukeheim, aldersheim og bibliotek. Her ligg òg Koppang stasjonRørosbanen, Flerbrukshallen Storstua med mellom anna kommunal kino, fotballbane, Koppang småkirke, Stor-Elvdal ungdomsskole med kommunal symjehall, barneskulen Koppang skole og Midt-Østerdal videregående skole Koppang.

Kaupangrmart'n vert arrangert på Koppang i juli kvart år.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre