Arne Olaus Fjørtoft Garborg
Arne Olaus Fjørtoft Garborg (25. mai 1888–1968), gjerne tiltalt som «Tuften», var ein norsk bibliotekar, skodespelar og forfattar, tilsett på Universitetsbiblioteket i Oslo. Han arbeidde med å samanfatta bibliografien til far sin, Arne Garborg.
Arne Olaus Fjørtoft Garborg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. mai 1888 |
Død |
10. oktober 1968 (80 år) |
Yrke | bibliotekar, skribent |
Far | Arne Garborg |
Mor | Hulda Garborg |
Han var einebarn av Arne og Hulda Garborg. Barndomen hans er mykje omtala i foreldras dagbøker, brev og avisartiklar. Han var oppkalla etter faren og etter «Noregs første sosialist», Olaus Fjørtoft.
Han var med i teatertruppen Det norske spellaget, forlauparen til Det norske Teatret, først som skodespelar og i 1912 som teatersjef.
Arne O. Garborg tok over barndomsheimen Labråten i Hvalstaddalen i Asker kommune, der han budde saman med kone og barn. Huset er i dag museum. Her heng Gustav Wentzel sitt måleri Tuften på ski.
Bibliografi
endre- Norske aviser, 1763-1920. Fortegnelse over aviser som finnes i Universitetsbiblioteket og andre samlinger (Oslo. Universitetsbibliotekets årbok. 1923. pt. 2.)
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |