Opna hovudmenyen

Arne Olsson Tonning

norsk stortingsmann, ordførar og gardbrukar

Arne Olsson Tonning (9. mars 183426. juli 1892) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stryn i Nordfjord.

Arne Olsson Tonning
Fødd 9. mars 1834
Stryn
Død

26. juli 1892
Kristiania

Yrke politikar

Tonning gjekk underoffisersskule og var furer fram til 1863. I 1860 overtok han farsgarden på Tonnning og dreiv denne til han døydde. Han hadde ei rekke verv og ombod i lokale tiltak. Mellom anna var han ordførar 1864-89, forlikskommissær frå 1872, sparebankkasserar frå 1878, direktør i amtets sitt dampskipsselskap (Fylkesbaatane) 1880-88.

Tonning var stortingsmann frå 1868 til han døydde i 1892. Han var heile tida medlem av militærkomiteen, sekretær 1874-88 og formann 1889-90 i same. Fast medlem av Lagtinget frå 1879, sekretær 1884-88 og president 1889-92. Elles medlem av valkomiteen 1877-92 og av fullmaktskomiteen 1889-92. Han var medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet i 1883-84. I 1873 var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Tonning døydde 1892 i Kristiania.

KjelderEndra