Sjakkspelaren Arne Vinje

norsk sjakkspelar
(Omdirigert frå Arne Vinje - sjakkspelar)

Arne Vinje, tidlegare Arne Vinje Gulbrandsen, (27. mars 194321. august 2011) var ein norsk sjakkspelar, Noregsmeister i sjakk 1965 og 1968, Internasjonal Meister i sjakk (IM) 1981 og Stormeister i fjernsjakk i 2001.

Arne Vinje
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1943
Død

21. august 2011

Idrett sjakk

Sjakk-karriereEndra

Arne Vinje vann junior-NM i sjakk i 1959.

Han spelte seg deretter raskt inn i den norske eliten, og debuterte på det norske landslaget i Sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1962. Han deltok i sjakk-OL også i 1964, 1970 og 1982, på 4. bord dei to første gongane og 3. bord dei to siste. Han klarte +19 =11 -13, 24,5 poeng på 43 parti, 57,0 % skår.[1]

Utanom dei to Noregsmeister-titlane i 1965 og 1968 hadde han ei rekkje gode plasseringar i Noregsmeisterskapen i sjakk.

Internasjonal Meister i sjakkEndra

IM-tittelen kom etter sterke prestasjonar i tre internasjonale sjakkturneringar i 1980-1981:

  • Skien International 1980, 7-13. januar 1980: Kategori 4, Elo-snitt 2343,5 - 6 poeng på 9 rundar.[2][3]
  • Oslo Chess International 1981, 29. desember 1980 - 4. januar 1981: Kategori 4, Elo-snitt 2327 - 6 poeng på 9 rundar.[4][5]
  • Viking Chess International 1981, Oslo 13-19. april 1981, Kategori 4, Elo-snitt 2334,5 - 7 poeng på 9 rundar og siger i turneringa.[6]

Han blei dermed den sjuande frå Noreg som klarte krava til denne tittelen.

Stormeister i fjernsjakkEndra

Arne Vinje vart etter kvart mindre aktiv i nærsjakk, og satsa i staden på fjernsjakk, med svært gode resultat. Han blei Internasjonal Meister i fjernsjakk ved å vinne den 51. Europameisterskapen i fjernsjakk 1994-1998, med 12 poeng på 14 parti.[7]. og deretter Stormeister i fjernsjakk i 2001 ved å dele førsteplassen i 3/4-finala til det 17. VM i fjernsjakk, med 10,5 poeng på 16 parti. [8]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Arne Vinje sine resultat i sjakk-OL hos Olimpbase
  2. Norsk Sjakkblad nr. 1 1980, s. 52-53
  3. Norsk Sjakkblad nr. 4 1981, s. 4
  4. Norsk Sjakkblad nr. 2 1981, s. 22-23
  5. Norsk Sjakkblad nr. 4 1981, s. 4
  6. Norsk Sjakkblad nr. 4 1981, s. 4 og 5
  7. Turneringstabellen for den 51. Europameisterskapen i fjernsjakk
  8. Turneringstabell for 3/4-finalen til det 17.VM i fjernsjakk

BakgrunnsstoffEndra