Arnfinn Vigrestad
norsk politikar
Arnfinn Vigrestad (fødd 19. januar 1947) var ordførar i Time kommune i Rogaland fylke frå 1999 til 2011. Han representerer det politiske partiet Kristeleg folkeparti (KrF). Han har vore ordførar frå 1999, med attval i 2003 og 2007. I tillegg var han ordførar frå 11. juni 1992 og ut 1993.
Arnfinn Vigrestad | |||
Fødd | 19. januar 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførare i Time 1999-2011 | ||
Føregangar | Inge Haugland | ||
Etterfylgjar | Reinert Kverneland | ||
Alle verv |
Vigrestad voks opp på Vigrestad i Hå kommune. Han var lektor ved Bryne vidaregåande skule før han vart ordførar.[1]
I samband med kommunevalet i 2007 vart Vigrestad vald til ordførar ved direkte ordførarval.
Etter valet i 2011 overtok Reinert Kverneland frå Høgre som ordførar.[2][3]
Kjelder
endre- ↑ Arnfinn Vigrestad[daud lenkje] - Linkedin. Besøkt 3. mars 2017
- ↑ Heile kommunestyregruppa til Kr.F. gjer seg i Time - NRK/Rogaland 15. oktober 2010
- ↑ aftenbladet.no Her blir Reinert ny ordfører, arkivert frå originalen 6. november 2011, henta 6. mai 2019