Kristeleg Folkeparti
Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.
Kristeleg Folkeparti | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Olaug Bollestad[1][2] | ||
Grunnleggjarar | Nils Lavik[3] | ||
Grunnlagt | 4. september 1933 | ||
Hovudkvarter | Oslo (Kirkegata 32) | ||
Partiavis | Folkets Framtid | ||
Ungdomsorg. | Kristeleg Folkepartis Ungdom | ||
Donasjonar | 4 561 500 (2021)[4] | ||
Medlemstal | 27 122 (2016)[5] | ||
Ideologi | kristendemokrati | ||
Religion | kristendom[6] | ||
Internasjonal tilknyting | Den kristeleg- demokratiske internasjonale | ||
Farge | |||
Ordførarar | 17 / 428
| ||
Kommunestyre- representantar | 623 / 10 620
| ||
Fylkestings- representantar | 46 / 777
| ||
Stortings- representantar | 8 / 169
|
Partiet sat i regjering frå 1997 til 2000 i regjeringa Bondevik I (med Senterpartiet og Venstre) og frå 2001 til 2005 i Regjeringa Bondevik II saman med partia Høgre og Venstre. Statsministeren Kjell Magne Bondevik var frå KrF. Sidan 2019 har partiet vore del av regjeringa Solberg.
Knut Arild Hareide var partileiar frå 2011 til 2019.
Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).
Historie
endreKristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange, særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti.
Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.
Knut Arild Hareide var partileiar frå 2011 til 2019, og gjekk av som følgje av at partiet, etter eit ekstraordinært landsmøte, bestemte at partiet skulle søkje å bli ein del av Solberg-regjeringa. Hareide sjølv rådde partiet og landsmøtet til å søkja regjeringsmakt med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.[7] Nestleiar Olaug Bollestad sat som konstituert leiar fram til landsmøtet i april 2019, då Kjell Ingolf Ropstad vart vald til leiar i KrF.[8]
Stortingsval 1933-2017
endreÅrstal | Prosent av røystene | Stortingsrepresentantar |
---|---|---|
1933 | 0,8 % | 1 |
1936 | 1,3 % | 2 |
1945 | 7,9 % | 8 |
1949 | 8,5 %¹ | 9 |
1953 | 10,5 % | 14 |
1957 | 10,2 % | 12 |
1961 | 9,6 %¹ | 15 |
1965 | 8,1 %¹ | 13 |
1969 | 9,4 %¹ | 14 |
1973 | 12,2 %¹ | 20 |
1977 | 12,4 %¹ | 22 |
1981 | 9,4 %¹ | 15 |
1985 | 8,3 % | 16 |
1989 | 8,5 % | 14 |
1993 | 7,9 % | 13 |
1997 | 13,7 % | 25 |
2001 | 12,4 % | 22 |
2005 | 6,8 % | 11 |
2009 | 5,5 % | 10 |
2013 | 5,6 % | 10 |
2017 | 4,2 % | 8 |
¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eitt eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Kjelder
endre- ↑ «Olaug Bollestad (60) valgt til ny leder av KrF»; kortnamn på forfattar: TV 2 AS; språk på verket: bokmål; utgjevingstidspunkt: 13. november 2021; vitjingsdato: 22. august 2024.
- ↑ «Nå ankommer KrF-toppene krisemøtet»; kortnamn på forfattar: Simon Elias Bogen; språk på verket: bokmål; utgjevingstidspunkt: 22. august 2024; vitjingsdato: 22. august 2024.
- ↑ «Pietist i kulturkamp : Nils Lavik og framveksten av Kristeleg folkeparti». s. 212. Henta 22. oktober 2024.
- ↑ https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag/.
- ↑ http://www.dagen.no/Nyheter/partimedlemmer/Medlemsflukt-fra-KrF-431681; vitjingsdato: 17. januar 2019.
- ↑ https://www.dagen.no/nyheter/krf-fjerner-bekjennelsesparagrafen/.
- ↑ Norum, Hallvard (17. januar 2019), «Hareide går av som partileder», NRK (på norsk bokmål), henta 29. januar 2019
- ↑ Gilbrant, Jørgen (27. april 2019), «Kjell Ingolf Ropstad ny KrF-leder», Dagbladet.no (på norsk), henta 11. mai 2019
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Samling om verdier; en studie av Kristelig Folkeparti 1969-2001
- Valresultat for KrF i kommune- og fylkestingsvalet 2007 (NRK)
Litteratur
endre- Olav Garvik (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7
- Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8