Opna hovudmenyen

Arnt Gudleik Hagen (17. august 192827. mai 2007) var ein norsk politikar for Senterpartiet frå Eid i Romsdal og byråkrat i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arnt Hagen
Fødd 17. august 1928
Død 27. mai 2007
Parti Senterpartiet
1. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1965–1977
 - valkrins Møre og Romsdal
2. verv Leiar i Bygdefolkets Ungdomsfylking
 - periode 1959–1963
3. verv Medlem i Molde bystyre
 - periode 1963–1967

Hagen utdanna seg til sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole og arbeidde deretter frå 1953 i eit års tid som landbrukssjef i Vestnes kommune. Frå 1955 var han avdelingssjef i S/L Nord-Norges salgslag i Harstad og Vadsø. I 1958 tok han over som disponent i Møre og Romsdal Eggsentral, ei stilling han formelt hadde til 1973.

Hagen starta sitt politiske arbeid som fylkessekretær for Bondepartiet i Troms frå 1956 til -58. Deretter var han formann i Bygdefolkets Ungdomsfylking (frå 1962 Senterungdommens Landsforbund), i fem år frå 1959. Valbolken 1964–1967 var Hagen medlem av bystyret i Molde.

Hausten 1965 vart Hagen vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal, etter å ha vore vararepresentant i den då avslutta stortingsperioden. Han representerte fylket i 12 år fram til 1977. Til mars 1968 var han medlem av Justiskomiteen, resten av den fyrste valbolken var han med i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Valbolken 1969-73 var han medlem av Kommunalkomiteen, den siste sesjonen også av Valkomiteen. Han heldt fram i Kommunal- og miljøvernkomiteen i heile si siste fireårsperiode, då som nestformann i komiteen. Hagen var medlem av Senterpartiet sitt sentralstyre og formann for programkomiteen i partiet i tida 1973-77.

Frå 1977 til 1994 var Hagen utbyggingssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han gav i 1996 og 1998 ut to minnebøker, I solgangsbris og skjelle og I kamp for distrikta. om sitt arbeid som politikar og byråkrat.

KjelderEndra