Arnt Kristoffersson Seljelid
norsk politikar
Arnt Kristoffersen Seljelid (3. februar 1832–6. januar 1880) var ein norsk fiskar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Mo på Helgeland.
Arnt Kristoffersson Seljelid | |||
Fødd | 6. februar 1832 Mo i Rana | ||
---|---|---|---|
Død | 6. januar 1880 (47 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Han var frå Dalsgrenda i Mo, far hans var gardbrukar. I yngre år var han fiskar, frå 1859 var han gardbrukar på Seljelid i Hemnes. Fram til 1874 var han leiglending, sidan var han sjølveigar. Han var medlem av heradsstyret i Hemnes frå 1863, ordførar frå 1869 til han døydde.
Seljelid var stortingsmann for Nordlands amt 1871-79. Den fyrste perioden, 1871-73, var han medlem av næringskomite nr 1, dei to neste periodane av gasje- og pensjonskomiteen, medlem av Lagtinget i 1879. Han vart vald for ein ny stortingsperiode, 1880-82, men døydde heime på garden sin i Hemnes før tinget vart opna.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Arnt Kristoffersson Seljelid NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv