Øvstepresten Aron

(Omdirigert frå Aron i Bibelen)


Øvstepresten Aron er ein person i det gamle testamentet. Han er viktig i både kristendommen og jødedommen. Han blir også nemnd i Koranen. Ifylgje Andre mosebok var han ein eldre bror av Moses, og var ein av leiarane for israelsfolket då det vart ført ut av slaveriet i Egypt og inn i Kana'an. Systera hans var profetkvinna Miriam.

Øvstepresten Aron

FøddEgypt i oldtida
DødJabal Haroun
Tittelypparsteprest
Opptrer iPrinsen av Egypt, Koranen, Andre Mosebok, Tredje Mosebok, Fjerde Mosebok, Femte Mosebok
Identifisert medHarun
GravstadHor-fjellet
MorJokebed
FarAmram
EktefelleElisjeba
BarnEleasar, Itamar, Nadab, Abihu

Historia om Aron i Mosebøkene endre

 
Ein skulptur av Aron frå Frauenkirche i Dresden.

I Andre mosebok talte Gud til Moses gjennom ein brennande busk og bad han gå til farao for å be han frigjera folket hans. Då Moses svara at han var både «tungmælt og seinmælt»,[1] bad Gud han ta med seg broren Aron. Moses var 80 og Aron 83 år då dei snakka med farao.[2] Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la folket fara, varsla Moses og Aron han om ti plager som Gud ville senda over landet viss dei ikkje fekk dra. Enno ville ikkje farao la folket dra, men då den tiande plaga var komen og alle dei fyrstefødde borna samt alle dei fyrstefødde dyra til egyptarane var blitt drepne, sa farao til Moses og Aron at dei fekk reisa. Etter dette brukte israelsfolket 40 år i øydemarka før dei kom inn i det lova landet, Kana'an.

Aron var levitt, dvs. ein av etterkomarane etter Levi, son til Jakob. I øydemarka på vegen til Egypt, vart Aron utnemnd til øvsteprest for Gud og gjeven mange føreskrifter for korleis prestegjerninga skulle utførast. Detaljar om desse føreskriftene står både i Andre og Tredje mosebok. Sønene til Aron vart også prestar, og Aron vart stamfar for alle prestane i Israel. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

Korkje Aron eller Moses fekk koma inn i det lova landet sjølve. I Fjerde mosebok klaga folket til dei fordi dei ikkje har vatn, og Gud seier til Moses: «Ta staven! Så skal du og Aron, bror din, kalla folket saman og tala til berget medan dei ser på. Då skal det gje frå seg vatn.»[3] I staden sa Moses til folket: «Høyr no, de stridnakkar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma fram åt dykk frå dette berget?»[4] Gud lèt det likevel strøyma fram vatn, men lèt ikkje Moses og Aron koma inn i landet fordi dei ville ta æra for vass-underet sjølvet og ikkje lét israelittane sjå kor heilag Gud var.[5]

Etter dette leidde Gud Moses, Aron og Elasar opp på Hor-fjellet, der Aron skulle døy. Etter at Moses hadde teke prestekleda av Aron og lagt dei på sonen Elasar, døydde Aron på fjellet. Israelsfolket heldt syrgjehøgtid over Aron i tretti dagar.[6]

Kjelde endre

Referansar endre