Arrangøren Johnny Allen
Johnny Allen (20. september 1917–29. januar 2014) var ein amerikansk R&B-pianist og arrangør som arbeidde for både Motown og Stax Records og vann ein Grammy Award med Isaac Hayes for arrangementet hans på «Theme from Shaft».
Johnny Allen | |||
Fødd | 20. september 1917 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Uchee | ||
Død | 29. januar 2014 (96 år) | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | jazzmusikar, pianist, arrangør |
Han var fødd i Uchee i Alabama, og voks opp i Chicago før han flytta til Detroit i 1936. Han var ein sjølvlært pianist og den viktigaste påverknaden hans var Earl Hines. Frå tidleg i 1940-åra arbeidde han som musikalsk leiar på Club Congo, ein nattklubb i kjellaren på Norwood Hotel, der han leia eit 12-mannsband som spelte til dans og stundom i lag med vitjande artistar som Billie Holiday og Mills Brothers.[1]
Han arbeidde først for Motown i 1959, og skreiv arrangement for mellom andre the Temptations, Stevie Wonder og the Supremes. Seinare arbeidde han for Stax, med musikarar som the Staple Singers, the Dramatics og Isaac Hayes.[1] Etter å ha arrangert strykarar og blåsarar på Hayes-albumet Hot Buttered Soul, arbeidde dei to i lag på Shaft, og i 1972 vann dei Grammyprisen for beste instrumentale arrangement for «Theme From Shaft».[2]
Allen fortsette å spele med små jazzgrupper i Detroit til han var i nittiåra. Han døydde på Henry Ford Hospital etter ein lungebetennelse, 96 år gammal.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johnny Allen (arranger)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Mark Stryker, «Detroit pianist-arranger Johnny Allen, who won Grammy for 'Shaft' theme, dies at 96», Detroit Free Press, 1 February 2014. Henta 16. august 2016
- ↑ «1971 Grammy Award Winners». Grammy.com. Henta 16. august 2016.