Shaft av Isaac Hayes

Shaft
Filmmusikkalbum av Isaac Hayes
Språk engelsk
Utgjeve August 1971
Innspelt 1971
Stax Recording Studios
(Memphis i Tennessee)
Sjanger Funk, soul[1]
Lengd 69:29
Selskap Enterprise
ENS-2-5002
Produsent Isaac Hayes
Isaac Hayes-kronologi 
...To Be Continued
(1971)
Shaft Black Moses
(1971)


Shaft er eit dobbeltalbum av Isaac Hayes, spelt inn for Stax Records-etiketten Enterprise som filmmusikkalbum for Metro-Goldwyn-Mayer sin blaxploitation-film Shaft i 1971. Albumet består hovudsakleg av instrumentalar Hayes skreiv for filmen. Det vart spelt inn tre songar med vokal: «Soulsville», «Do Your Thing» og «Theme from Shaft». Albumet vart ein stor suksess og er kanskje det mest kjende verket til Hayes.[2]

I 2014 vart albumet lagt til National Recording Registry i USA av Library of Congress fordi det vart rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktig.»

Konsept endre

Hayes vart først involvert med Shaft i håp om at regissøren Gordon Parks skulle gje han hovudrolla i filmen, men var ikkje klar over at Richard Roundtree alt hadde fått rolla som John Shaft.[2] Hayes var med i filmen i ei cameo-rolle, men meir viktig var det at han skreiv musikken til filmen. Medan filmen framleis var i produksjon sendte Parks råmateriale av filmen til Hayes, og Hayes skreiv tre stykke for scenane: «Theme from Shaft» for opninga, «Soulsville» for ein scene der Shaft går gjennom Harlem, og «Ellie's Love Theme» for ein kjærleiksscene.[2]

MGM var nøgd med resultatet og ønskte at Hayes skulle skrive resten av musikken til filmen, og musikaren brutke to månader mellom turneringa si på å skrive musikken i studioet til MGM.[2] Då musikken var komponert og arrangert, fekk Hayes Stax-bandet The Bar-Kays til å spele inn rytmespora på berre éin dag.[2] Orkesterspora vart spelt inn dagen etter, og vokalen dagen etter det igjen.[2] Songane vart seinare spelt inn på ny for albumet i Stax Studios og lett omarrangert frå filmversjonane. Studioet til MGM var basert på berre tre spor og Hayes ønskte ein rikare lyd for albumet.[2]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
All About Jazz(positiv)[1]
Allmusic     [3]
Robert ChristgauC+[4]
Mojo(positiv)[5]
Pitchfork Media(8.5/10)[6]
Q     [5]
Warr.org     [7]
Yahoo! Music(positiv)[8]

Då albumet kom ut sommmaren 1971 vart Shaft det første doble albumet med originalt studiomateriale som vart gjeve ut av ein R&B-artist.[2] Albumet gjekk til topps på Billboard 200-lista og låg seksti veker inne på lista. Det låg på toppen av R&B-lista til Billboard i heile 14 veker. Både «Theme from Shaft» og «Do Your Thing» vart singlar som nådde topp 40 på Billboard Hot 100, og førstnemnde gjekk heilt til topps.

I 1972 vann «Theme from Shaft» Grammyprisen for beste ikkje-klassisk lydtekniksk song og beste instrumentale arrangement. Filmmusikken vann prisen for beste instrumental skriven for film eller fjernsyn. National Association of Television and Radio Announcers gav Shaft prisen får årets album.[2] Under Oscarprisen det året vart Hayes den første afroamerikanaren som vann ein Oscar i ein kategori som ikkje var for skodespelarar då «Theme from Shaft» vann prisen for beste originale song.[2] Isaac Hayes var nominert i klassen for beste originale dramatiske musikk, men tapte for Michel Legrand og musikken til Summer of '42.

I 2009 vart albumet gjeve ut på CD av Stax Records med eit bonusspor, «Theme from Shaft» (2009 Mix).

Innhald endre

Alle songar skrivne og produserte av Isaac Hayes.

Side ein endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Theme from Shaft» (vokalversjon)4:39
2.«Bumpy's Lament»1:51
3.«Walk from Regio's»2:24
4.«Ellie's Love Theme»3:18
5.«Shaft's Cab Ride»1:10
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Cafe Regio's»6:10
7.«Early Sunday Morning»3:49
8.«Be Yourself»4:30
9.«A Friend's Place»3:24
Side tre
Nr.TittelLengd
10.«Soulsville» (vokalversjon)3:48
11.«No Name Bar»6:11
12.«Bumpy's Blues»4:04
13.«Shaft Strikes Again»3:04
Side fire
Nr.TittelLengd
14.«Do Your Thing» (vokalversjon)19:30
15.«The End Theme»1:56

Medverkande endre

Prisar og lister endre

Billboard-lista endre

Album endre

Liste Plassering
Billboard 200 1
Black Albums
Jazz Albums

Singlar endre

Singel Liste Plassering
«Theme from Shaft» Billboard Hot 100 1
Black Singles 2
Adult Contemporary Singles 6

«Do Your Thing» var òg ein Topp 40 Pop-singel.

Grammy-prisar endre

  • Shaft
    • Beste instrumentar skriven for film eller fjernsyn (Isaac Hayes)
  • «Theme from Shaft»
    • Beste ikkje-klassiske lydtekniske song (Dave Purple, Henry Bush, Ron Capone)
    • Beste instrumentale arrangement (Isaac Hayes, Johnny Allen)

Samplingar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 All About Jazz review
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Bowman, Rob (1997). Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records. New York: Schirmer Trade. p.229-233 ISBN 0-8256-7284-8
  3. Allmusic review
  4. Robert Christgau review
  5. 5,0 5,1 CDUniverse review
  6. [1]
  7. Warr.org review
  8. Yahoo! Music review