Arrival av Journey

Arrival
Studioalbum av Journey
Utgjeve Desember 2000 (Japan)
3. april 2001 (USA)
Innspelt Avatar Studios i New York City i 1999-2000
Sjanger Hardrock, arenarock
Lengd 73:57
Selskap Columbia/Sony
Produsent Kevin Shirley
Journey-kronologi
Greatest Hits Live
(1998)
Arrival The Essential Journey
(2001)


Arrival er det 11. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i 2001. Ein versjon med ein song byta ut kom ut i Japan alt i 2000. Det var det første albumet deira med den nye vokalisten Steve Augeri, som erstatta den populære frontmannen Steve Perry, og med Deen Castronovo, som erstatta Steve Smith på trommer.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(middels)[2]
PopMatters(positiv)[3]

«Arrival» består av ein type hardrock som minnar om stilen bandet hadde i 1970- og 1980-åra, men òg fleire balladar i signaturstilen til bandet med Perry. Vokalstilen til frontmannen Augeri har òg ein stil som minner om Perry. Albumet selte relativt godt og nådde 12. plassen på Billboard's Top Internet Albums-lista. Arrival fekk blanda kritikk, der nokre meinte det var formelbasert, medan andre roste element som gitarspelinga til Neal Schon.[1]

Utgjeving og mottakingEndra

Albumet kom først ut i Japan seint i 2000, men då det vart spreidd på Internett, valte bandet å gje det ut i USA. Basert på tilbakemeldingar frå fansen som hadde høyrt den albumet på nettet, valte dei å spele inn to hardare rockesongar, «World Gone Wild» og «Nothin' Comes Close», som kom med på den amerikanske utgåva av albumet, medan dei tok bort «I'm Not That Way» frå den japanske utgåva.

Arrival inneheld ein mindre hit på adult contemporary-lista med balladen «All the Way». Albumet nådde 56. plassen på Billboard-lista,[4] Arrival var det første albumet deira sidan Next i 1977 som ikkje selte til gullplate i USA.[5] Det var òg det siste albumet deira for Columbia Records, som hadde vore selskapet deira sidan debutplata i 1975.

InnhaldEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Higher Place»Jack Blades, Neal Schon, Jonathan Cain5:10
2.«All the Way»N. Schon, J. Cain, Taylor Rhodes, Steve Augeri3:35
3.«Signs of Life»N. Schon, J. Cain, Elizabeth Cain4:54
4.«All the Things»N. Schon, J. Cain, Andre Pessis4:24
5.«Loved by You»J. Cain, Tammy Hyler, Kim Tribble4:03
6.«Livin' to Do»N. Schon, Matt Schon, J. Cain, Tribble6:25
7.«World Gone Wild»J. Blades, N. Schon, J. Cain6:00
8.«I Got a Reason»J. Blades, N. Schon, J. Cain4:20
9.«With Your Love»Schon, J. Cain, E. Cain4:25
10.«Lifetime of Dreams»N. Schon, J. Cain, Tribble5:29
11.«Live and Breathe»N. Schon, J. Cain, Augeri5:15
12.«Nothin' Comes Close»N. Schon, J. Cain, Augeri5:41
13.«To Be Alive Again» (edit)J. Cain, Augeri, Tribble, Eric Bazilian4:22
14.«Kiss Me Softly»J. Blades, N. Schon, Augeri4:48
15.«We Will Meet Again»N. Schon, Augeri, Tribble5:06
Japansk utgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Higher Place»Blades, N. Schon5:10
2.«All the Way»N. Schon, J. Cain, Rhodes, Augeri3:35
3.«Signs of Life»N. Schon, J. Cain, E. Cain4:54
4.«All the Things»N. Schon, Cain, Pessis4:24
5.«Loved by You»Cain, Hyler, Tribble4:03
6.«Livin' to Do»N. Schon, M. Schon, Cain, Tribble6:25
7.«I Got a Reason»J. Blades, N. Schon, Cain4:20
8.«With Your Love»N. Schon, J. Cain, E. Cain4:25
9.«Lifetime of Dreams»N. Schon, J. Cain, Tribble5:29
10.«Live and Breathe»N. Schon, J. Cain, Augeri5:15
11.«Kiss Me Softly»Blades, N. Schon, Augeri4:48
12.«I'm Not That Way»N. Schon, J. Cain, Augeri, Tribble4:23
13.«We Will Meet Again»N. Schon, Augeri, Tribble5:06
14.«To Be Alive Again»J. Cain, Augeri, Tribble, Bazilian4:48

MedverkandeEndra

Bandmedlemmar
Produksjon

SalslisterEndra

År Liste Plassering
2000 Oricon Den japanske albumlista[6] 19
2001 Billboard 200 (USA)[4] 56
Top Internet Albums (USA)[4] 12
Den tyske albumlista[7] 75

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Arrival (Journey album)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2020.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 Ruhlmann, William. «Journey Arrival review». AllMusic. All Media Network. Henta 15. desember 2015. 
  2. Masuo, Sandy (3. april 2001). «Album Reviews: Journey - Arrival». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. desember 2007. Henta 2. juni 2020. 
  3. Ellis, Andrew. «Journey: Arrival». PopMatters. Henta 2. juni 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Arrival Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2. juni 2020. 
  5. RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta 1. juni 2020.
  6. ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på Japanese). Oricon. Henta 27. mai 2020. 
  7. «Album – Journey, Arrival». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 30. juli 2013. 

BakgrunnsstoffEndra