Next av Journey
Next Studioalbum av Journey | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1977 | |
Innspelt | Mai til oktober 1976 i His Master's Wheels i San Francisco i California | |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 37:37 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Journey | |
Journey-kronologi | ||
---|---|---|
Look into the Future (1976) |
Next | Infinity (1978)
|
Singlar frå Next | ||
|
Next er det tredje studioalbumet til Journey, gjeve ut i 1977. Bandet heldt fram stilen frå Look into the Future frå 1976, men dette albumet har òg noko av den meir jazza progrockstilen frå det første albumet. Dette var det siste albumet deira med Gregg Rolie som vokalist. «Spaceman» og «Nickel and Dime» vart gjevne ut på singlar.
Den instrumentale «Cookie Duster» stod oppført på dei første trykka av albuma, men var ikkje faktisk med på albumet. DEnne kom seinare ut på samleplata Time³.
Next nådde 85. plassen på Billboard 200-lista i USA.[2]
Sjølv om han ikkje bidrog til Next, kom solovokalisten Robert Fleischman inn i Journey kort tid etter albumet kom ut som låtrksivar og var første dedikerte frontmannen i gruppa. Ingen av songane på albumet vart spelte på konsertane deira etter 1979.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
På AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet to av fem stjerner og sa «utan ein kraftfull songar som Steve Perry, mangla gruppa fokus og popkjensle, og forsøka på streit pop/rock lid som følgje av dette.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Tekst | Musikk | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|---|
1. | «Spaceman» | Aynsley Dunbar, Gregg Rolie | Rolie | Rolie | 4:01 |
2. | «People» | Dunbar | Rolie, Neal Schon | Rolie | 5:21 |
3. | «I Would Find You» | Schon, Tena Austin | Schon | Schon | 5:54 |
4. | «Here We Are» | Rolie | Rolie | Rolie | 4:18 |
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|---|
5. | «Hustler» | Dunbar | Rolie | Rolie | 3:16 |
6. | «Next» | Dunbar, Rolie, Heidi Cogdell | Rolie, Schon | Rolie | 5:28 |
7. | «Nickel and Dime» (Instrumental) | Rolie, Schon, George Tickner, Ross Valory | 4:13 | ||
8. | «Karma» | Dunbar | Rolie, Schon | Schon | 5:07 |
Medverkande
endreBandmedlemmar
endre- Gregg Rolie – klaverinstrument, solovokal
- Neal Schon – elektrisk og akustisk gitar, solovokal på «I Would Find You» og «Karma»
- Ross Valory – bassgitar, korvokal
- Aynsley Dunbar – trommer, perkusjon
Andre medverkande
endre- Smiggy – lydteknikar, miksing
- Bruce Botnick – mastering
- Herbie Herbert – musikalsk leiar
- Bruce Steinberg – kunstnarisk leiar, design, fotografi
- Ellie Oberzil – design
- Mansfield – kunst
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Next (Journey album)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Journey - Next (1977) album review». AllMusic. All Meida Network. Henta 26. mai 2020.
- ↑ Next av Journey på Allmusic