Arvid Sundby
Arvid Sundby (23. april 1901–12. april 1999) var ein norsk arkitekt. Han var i mange år leiar av NSB Arkitektkontor (1947-1971) og hadde stor innverknad på norsk jernbanearkitektur i etterkrigstida.
Arvid Sundby | |
Fødd | 23. april 1901 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Arvid Sundby på Commons |
Sundby var utdanna ved Technische Hochschule i Karlsruhe i 1924.[1]
Jernbanearkitekt
endreSundby teikna ein rekke bygningar knytte til jernbana, som stasjonsbygningar, verkstader, lokstallar, vaktarbustader og velferdshus. Hans mest kjende bygning er monumentale Bodø stasjon (1962), som er freda. Som leiar av Arkitektkontoret stod han bak ei rekkje bygningar på strekningane som vart bygde etter andre verdskrigen, særleg på nordre del av Nordlandsbana, som Røkland stasjonsbygning med lokstall og vaktarbustad, Bodø stasjonsbygning, godshus og lokstall, Støver stasjon, Oteråga stasjon, Valnesfjord stasjon og Fauske stasjon sitt godshus og hybelhus for tilsette.
Andre stader stod han mellom anna bak utvidinga av Dombås stasjon i 1956, då venterommet blei utvida og restauranten fekk eit eige utbygg. Porsgrunn stasjon - nybygg (1960) og godshuset på Lillehammer (1950) er òg Sundby sitt verk.
Andre arbeider
endreStilmessig bevega Sundby seg frå historismen (nyrenessanse, nybarokk) over mot funksjonalismen Eit eksempel er Stensgata 11 på Fagerborg i Oslo, ein stor leigegard i funksjonalistisk stil frå 1936. Sundby samarbeidde med Arnstein Arneberg om det store funksjonalistiske forretningsbygget i Stortingsgata 12 i Oslo (1934).[2] I Oslo teikna han òg det store industrianlegget til Jordan-fabrikken på Løren, som sto ferdig i 1933.
Verk i utval
endre(Årstala for stasjonar er byggjeåret; desse kan vike av frå opningsåret for stasjonen og banestrekninga.)
- Bodø stasjon, (1962), med lokstall, godshus og vaktarbustad (freda)
- Støver stasjon (1961), Røkland stasjon med lokstall og vaktarbustad (1955), Oteråga stasjon (1957), Tverrlandet stasjon (1957), Valnesfjord stasjon (1957),
- Fauske stasjon, hybelhus, godshus og lokstall (1958)
- Dombås stasjon - utviding (1956).
- Koppang stasjon - ny stasjonsbygning (1959) - saman med Ina Backer
- Porsgrunn stasjon - ny stasjonsbygning (1960)
- Åndalsnes stasjon - godshus på Jernbanekaia (1962) - (rive ca. 2005)
- Stortingsgaten 12 - forretningsbygg i Oslo (1934) - med Arnstein Arneberg
- Stensgata 11, Fagerborg i Oslo, funksjonalistisk leigegard (1936).
- Jordans børstefabrikk med produksjonshall, verkstader, lager, styrarbygning m.m. Løren i Oslo (1933, riven 2020)[3]
-
Bodø stasjon, kanskje Sundbys staselegaste stasjonsbygning.Foto: Lars Røed Hansen 2007
-
Koppang stasjon.Foto: Kitayama 2010
-
Røkland stasjon før 1957.Foto: Jac Brun
-
Oteråga stasjon.Foto: Kolbkorr 2022
-
Stensgata 11 i Oslo frå 1936.Foto: Helge Høifødt 2010
Kjelder
endre- ↑ Arne Gunnarsjaa (1999). Arkitekturleksikon (1999). s. 757.
- ↑ Arne Gunnarsjaa (1999). Arkitekturleksikon. s. 54.
- ↑ «Les Byantikvarens uttalelse om Jordankvartalet på Løren», Økern og Løren - Utvikling og informasjon (på norsk bokmål), 31. juli 2017, henta 23. mai 2024
Litteratur
endre- Arne Gunnarsjaa (1999). Arkitekturleksikon.
- Denne artikkelen byggjer på «Arvid Sundby» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mai 2024.