Dombås stasjon er ein jernbanestasjon på Dovrebanen og endestasjon for Raumabana frå Åndalsnes i Møre og Romsdal. Stasjonen ligg ved tettstaden Dombås i Dovre kommune i Innlandet fylke og vart opna i 1913 då Dovrebanen si strekning frå Otta sto ferdig. I 1921 opna Raumabana til Bjorli og Dovrebanen opna til Trondheim. Stasjonen ligg 659 meter over havet. Frå Dombås stasjon til Oslo S er det 343,04 km. Til Trondheim S er det 209 km.

Dombås stasjon


Dombås stasjon 2006

Stasjonsområde
Stad Dombås
Distanse 343,04
Opna 1913
Arkitekt Arnstein Arneberg, Gudmund Hoel, Bjarne Friis Baastad, Arvid Sundby
Linjer og rutedrift
Linje(r) Dovrebanen og Raumabana
Eigar(ar) Bane NOR
Overgang
Kart
Dombås stasjon
Dombås si fyrste stasjonsbygning var teikna av Arnstein Arneberg, men ho brann ned under andre verdskrigen.
Foto: Anders Beer Wilse

Stasjonsbygningar

endre

Fyrste stasjonsbygning (1913)

endre

Den opphavlege bygninga då Dombås stasjon opna var teikna av arkitekt Arnstein Arneberg. Bygninga var ei toetasjes bygning i tre i same nasjonalromantiske stil som fleire andre av Arneberg sine stasjonar langs strekninga Otta-Dombås, til dømes Brennhaug stasjon. På stasjonstomta var det eit stillverkstårn, eit frittståande godshus og eit stort vanntårn i mur. Sør for stasjonsbygninga sto eit stort privétbygg og ein kiosk teikna av Erik Glosimodt. Bygninga hadde restaurant driven av AS Norsk Spisevognselskap. Stasjonen brann ned då Dombås vart bomba i april 1940. Medan kampane gjekk føre seg, vart det innreidd eit provisorisk kontor i jernbanetunnelen. Godshuset, to funksjonærbustader og fleire jernbanevogner vart øydelagde i bombinga.

Andre stasjonsbygning (1941)

endre

Etter at den opphavlege bygninga brann ned, var det snart reist ei ny bygning som sto klar i 1941. Arkitektar var Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygninga hadde to etasjar, kjellar og ei sidebygning med godsrom i nordre enden. I fyrste etasje var det ekspedisjonskontor, stasjonsmeisterkontor, telegrafistkontor, venterom og restaurant med kjøken. Bygninga hadde òg ein kiosk. I andre etasje var det stasjonsmeisterbustad og overnattingsrom for personalet med inngang frå baksida. I 1956 vart bygninga forlengja med eit tilbygg for jernbanerestauranten.[1]

Bygninga var reist i teglstein og blokkar av siporex (lettbetong).[2] Yttermuren var dekka av puss. Taket var valma og tekt med skifer og sinkplater.

I 1956 vart stasjonen forlengja i sør med eit tilbygg for restauranten, venterommet vart utvida og det vart bygd nye trapper til toaletta i kjellaren. Arkitekt for ombygginga var Arvid Sundby. Seinare vart det innreidd eit rom for sikringsanlegget i andre etasje over restauranten. Kiosken og restauranten vart lagt ned før 1980-talet, og tilbygget sto tomt fram til det vart bygd om til lokalar for baneavdelinga rundt 2008.

NSB Bygningsregistring omtala i 1981 stasjonsbygninga som av middels verneverdi, og ho er ikkje verna eller freda.

Lokstallen (1912)

endre

Lokstallen var den einaste bygninga på stasjonsområdet som ikkje vart råka av bombinga i 1940.[3][4]

Lokstallen var teikna av Harald Kaas og reist i betongmur med grå puss i 1912. Han hadde fire spor i sjølve stallen og to spor i banemeisterens verkstad og lager. Seinare tilbygg var kvilerom for personalet (1932) og garderobar, spiserom og tre overnattingsrom (1948). Same år vart det bygd ein traktorstall inntil lokstallen. Utvidingane var teikna av Gudmund Hoel og Jens Flor. Lokstallen vart riven i 2019.[5]

Stasjonsbyen Dombås

endre

På stasjonen vart det bygd ei stor mengde mindre bygningar, mellom anna smie (1936), overnattingsbustad og banemeisterkontor (1950), elektrokontor (1947), to velferdshus (1942 og 1943 (riven 1981) og elektrolager og verkstad (1968). Utanom stasjonsområdet var det reist ei rekkje vaktarbustader (1920-talet) og seks funksjonærbustader (1960-talet).

Førre stasjon   Bane NOR   Neste stasjon
Endestasjon DovrebanenDovrebanen
Endestasjon RaumabanenRaumabanenEndestasjon
Fjerntrafikk
Endestasjon F6F6
Regionaltrafikk
Endestasjon RE10RE10
ett daglig togpar
Endestasjon R65R65Endestasjon


Kjelder

endre
  1. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 74–87. 
  2. NSB Arkitektkontoret (1981). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering Hamar distrikt. Eidsvoll-Dombåsbanen 2. (PDF). 
  3. Arne Aamodt (1972). Norges Statsbaner i tiden 1940-45: kortfattet historikk. 
  4. Egil Ulateig (1998). Heimevernets hjerte: Heimevernskolen Dombås 1948–1998. ISBN 8299469503. 
  5. «Historisk jernbanebygning rives for tre millioner kroner». www.gd.no. 8. november 2019. Henta 26. mai 2024. 

Bibliografi

endre

Bakgrunnstoff

endre