As the World Falls Down

As the World Falls Down
Song av David Bowie
frå albumet Labyrinth
Utgjeve 23. juni 1986
Innspelt Juni og juli 1985[1]
Sjanger Pop
Lengd 4:50
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent

«As The World Falls Down» er ein song skriven av David Bowie for lydsporet til fantasy-filmen Labyrinth i 1986.

Bakgrunn og komposisjon endre

«As The World Falls Down» er ein av fem songar Bowie skreiv og spelte inn for filmen, der han òg spelte rolla som Jareth, kongen over nissane.[2][3] Det er ein kjærleiksballade skriven for ein draumesekvens der Jareth og heltinna i filmen, Sarah, dansar på eit fantastisk maskeradeball.[4] Bowie sa om songen, «Regissøren Jim Henson ønskte noko som var ganske gammaldags i kjenslene sine og for meg er han den vakraste melodien i filmen, og den mest avslappa.»[5][6] Melodien i songen kan høyrast i starten av filen som melodien på speledåsen til Sarah.[7]

«As The World Falls Down» er strukturert i ein tradisjonell 1-6-4-5-format som var populær for balladar i 1950-åra.[8] Introduksjonen til songen er ein moderat kjapp 3/4-takt, før ein elektrisk bass endrar rytmen til ein langsamare 4/4-takt. Basslinja består av eit konstant stigande motiv og fungerer som ein knagg gjennom heile songen.[6]

Utgjeving endre

«As The World Falls Down» er det sjuande sporet på Labyrinth-albumet, som kom ut i juli 1986 i samband med filmpremieren i USA.[9] EMI planla å gje ut songen på singel seint i 1986, forkorta ned til 3:40 og fekk laga ein musikkvideo til songen.[4] Men singelen vart avlyst - kanskje fordi Bowie ikkje ønskte ein kjærleiksballade til å konkurrere med dei tyngre songane på det komande albumet Never Let Me Down, som biografen Nicholas Pegg har spekulert i. Versjonen vart sidan gjeven ut som bonusspor på Virgin Records si nyutgjeving av Tonight i 1995, og videoen er med på Bowie – The Video Collection (1993) og på DVD-utgåva av Best of Bowie (2002).[4] Albumversjonen på 4:50 av songen var med på den fem spor lange CD-en I Am Iman, som vart personleg sett saman av Bowie i samband med sjølvbiografien til kona Iman i 2001.[4][10]

Musikkvideo endre

Musikkvideoen vart filma av Steve Barron i samband med den planlagd singelutgjevinga.[4] Videoen nytta klipp frå Labyrinth med svartkvitbilete av Bowie som framfører songen i eit elegant rom i lag med karakteren Hoggle frå filmen. Soga følgjer fotokopiar av Bowie som forheksar ei kvinne i eit kontorbygg (spelt av den franske skodespelarinna Charlotte Valandrey[11]).

Videoen til Barron for «As The World Falls Down» og temasongen til Labyrinth, «Underground» imponerte Jim Henson så mykje at han fekk Barron til å regissere TV-serien hans The Storyteller.[12]

Mottaking endre

Rolling Stone kalla songen ein «løynd juvel» i karrieren til Bowie[13] og hadde «As the World Falls Down» med på lista si over 30 essensielle Bowie-songar, der han vart skildra som ein «glitrande, dempa ballade, som blandar ein øm vokal frå Bowie og ein senete basslinje med ein glassaktig New Romantic-synth».[14] The A.V. Club rekna han som den beste songen frå Labyrinth, og skreiv at han «imøtekomme inderlig empati, ved å bruke klassiske popakkordprogresjonar for å relatere gledene og smertene til kjærleiken.»[15] Smooth Radio valde «As The World Falls Down» som den 11. beste av dei 20 beste Bowie-songane,[16] og hevda at han «fortener å bli rekna som ein av dei finaste Bowie-songane nokon gong».[17] Newsweek rekna songen som «rein 80-tals cheese», men måtte innrømme at «han har derimot eit herleg refreng».[18] Gigwise kalla songen «ein av dei 50 beste originale songane nokon gong laga for film».[19]

I følgje Bowie-biografen David Buckley i 2015 var «As the World Falls Down» ein av dei 30 bestseljande Bowie-songane på iTunes i Storbritannia, og Labyrinth-albumet var det tredje bestselde Bowie-albumet på iTunes.[20] Då Bowie døydde i 2016 var songen den 32. bestseljande Bowie-songen i Storbritannia.[21]

Medverkande endre

I følgje biografen Chris O'Leary:[1]

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 (O'Leary 2019, s. 220–221)
  2. (Block & Erdmann 2016, s. 164)
  3. (Pegg 2016, «Labyrinth» in chapt. Stage and Screen)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 (Pegg 2016, s. 27, «As The World Falls Down» in chapt. The Songs from A to Z)
  5. The Jim Henson Company (2016) [Production notes first published 1986]. «David Bowie Talks About Labyrinth: Archival 1986 Q&A». Labyrinth (30th Anniversary Edition) (Blu-ray booklet). Sony Pictures Home Entertainment. s. 14–16. 
  6. 6,0 6,1 (Block & Erdmann 2016, s. 167)
  7. Lopez, Kristen (16. september 2016). «Rediscovering Labyrinth: 13 Things to Notice». Culteress. Minute Media. Arkivert frå originalen 5. oktober 2016. Henta 7. september 2021. 
  8. Schroeder, Kris (17. juli 2015). «Australian musicians share their favourite Bowie songs». ABC Online. Australian Broadcasting Corporation. Arkivert frå originalen 24. mars 2020. Henta 7. september 2021. 
  9. (Pegg 2016, «Labyrinth» in chapt. The Albums)
  10. *«Bowie Collector: I AM IMAN CD». davidbowie.com. 25. juli 2018. Arkivert frå originalen 7. september 2021. Henta 7. september 2021. 
  11. Andrian, Andy (16. november 2018). «Son parcours, sa maladie... Les secrets de Charlotte Valandrey» [Her journey, her illness ... The secrets of Charlotte Valandrey]. Linternaute.com (på fransk). CCM Benchmark Group. Arkivert frå originalen 20. november 2018. Henta 24. august 2020. 
  12. (Pegg 2016, s. 294, «Underground» in chapt. The Songs from A to Z)
  13. Sheffield, Rob (18. august 2016). «David Bowie's Essential Albums». Rolling Stone. Henta 7. september 2021. 
  14. Edwards, Gavin; Weingarten, Christopher R.; Spanos, Brittany; Newman, Jason; Vozick-Levinson, Simon; Johnston, Maura; Doyle, Patrick; Sterling, Scott; Greene, Andy; Sheffield, Rob (2. september 2021). «David Bowie: 30 Essential Songs». Rolling Stone. Henta 7. september 2021. 
  15. Brusie, David (12. juni 2017). «Labyrinth's soundtrack is an essential part of David Bowie's legacy». The A.V. Club. Henta 7. september 2021. 
  16. Eames, Tom (26. juni 2020). «David Bowie's 20 greatest ever songs, ranked». Smooth Radio. Henta 7. september 2021. 
  17. Eames, Tom (17. juli 2020). «A guide to David Bowie's underrated songs from Labyrinth». Smooth Radio. Henta 7. september 2021. 
  18. Schonfeld, Zach; Macallaster, Matt; Seeley, John (2. september 2021). «70 David Bowie Deep Cuts to Listen to on What Would Have Been Thin White Duke's 70th Birthday». Newsweek. Henta 7. september 2021. 
  19. Baggs, Michael; Whitehill, Gabby; Trendell, Andrew (17. januar 2014). «The 50 best ever original songs made for movies». Gigwise. Henta 7. september 2021. 
  20. (Buckley 2015, s. 70)
  21. Myers, Justin (2. september 2021). «David Bowie's Official Top 40 Biggest Selling Downloads revealed!». Official Charts Company. Henta 7. september 2021. 
  22. Sheffield, Michael (5. april 2010). «MGMT, Duran Duran Cover David Bowie». Spin. Arkivert frå originalen 8. april 2016. Henta 24. august 2020. 
  23. Shatto, Rachel (2011). «New spins: fresh takes on old faves make for sweet music». Curve (Avalon Media LLC) 21 (1): 72+.  Gale A247340164
  24. Carley, Brennan (2. september 2021). «Grace Potter Pays Tribute to David Bowie With Her Heartbreaking 'As the World Falls Down' Cover». Spin. Henta 28. august 2020. 
  25. «Grace Potter Releases Cover of David Bowie's «As the World Falls Down»». Jambands.com. 2. september 2021. Henta 28. august 2020. 
  26. Bernstein, Scott (17. april 2020). «Grace Potter Shares New Single 'We'll Be Alright' & David Bowie Cover». JamBase.com. Henta 4. september 2021. 
  27. «Now Available - Geek Wedding Vol. 2: The Sequel». Vitamin String Quartet. 19. februar 2016. 
  28. Clarke, David (9. august 2018). «BWW Album Review: Lena Hall's OBSESSED: DAVID BOWIE is Delightfully Fresh». BroadwayWorld. Henta 4. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre