Ashalim (hebraisk skrift אֲשָׁלִים) er ein liten fellesbusetnad sør i Israel. Han ligg i Negevørkenen, kring 35 km sør for Beer Sheva og på austsida av Nahal Besor, som er den største elva i Negev. Ashalim høyrer til Ramat Negev regionale kommune. I 2011 hadde han 313 innbyggjarar.[1]

Ashalim
landsby
Ashalim Aerial View.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Ramat Negev
Koordinatar 30°57′44.99″N 34°42′5.4″E
Folketal 313 (2011) [1]
Grunnlagd 1979

Ashalim
30°57′45″ N 34°42′5″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ashalim

Busetnaden har fått namn etter ein eldre landsby. Den opphavelege landsbyen Ashalim var ein av tre nahal-busetjingar grunnlagd mellom Mashabei Sadeh og Nitzana i 1956. Sjølve namnet tyder 'tamarisk', ein art av buskar og småtre.

Den nye Ashalim vart grunnlagd som ein moshav shitufi i 1979 etter at busetjarane der hadde flytta frå Bir Asluj Hill nær Golda Park (ved ein kunstig innsjø). I dag er Ashalim ein fellesbusetnad.

Ashalim er en av fleire utviklingsstader for solenergi i Israel. Ein 250 MW solcellepark i Ashalim vart starta opp i 2013.[2]

I 2003 vart Kfar Adiel, ein landsby for studentar ved Ben-Gurion universitet i Negev, grunnlagd nær Ashalim av Ayalim, med mål om å opprette bustader for studentar og små entreprenørar i Negev og Galilea.[3]

I nærleiken ligg mellom anna Ezuz og Nitzana.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014. 
  2. The Solar Vote, Yosef I. Abramowitz and David Lehreer, Haaretz, November 2, 2008.
  3. Kfar Adiel

BakgrunnsstoffEndra