Mashabei Sadeh (hebraisk skrift מַשְׁאַבֵּי שָׂדֶה) er ein kibbutz i Negevørkenen i Israel. Han har eit folketal på kring 480 innbyggjarar og høyrer til Ramat Negev regionale kommune.

Mashabei Sadeh
מַשְׁאַבֵּי שָׂדֶה
landsby
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Ramat Negev
Koordinatar 31°0′13.67″N 34°47′17.52″E / 31.0037972°N 34.7882000°E / 31.0037972; 34.7882000
Folketal 441 (2015)
Grunnlagd 1947
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Mashabei Sadeh
31°00′14″N 34°47′18″E / 31.003797222222°N 34.7882°E / 31.003797222222; 34.7882
Kart som viser Mashabei Sadeh.
Kart som viser Mashabei Sadeh.
Kart som viser Mashabei Sadeh.
Wikimedia Commons: Mashabei Sadeh

Historie

endre

Kibbutzen vart grunnlagd i 1947 i Halutza-dynene og vart opphavleg kalla Mashabim (hebraisk משאבים, tyder Ressursar). Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen angripen av den egyptiske hæren, men vart halden av Israel. Etter krigen vart han flytta til den noverande staden. Han vart kalla Mashabei Sadeh etter Palmach-leiaren Yitzhak Sadeh som døydde i 1952.[1]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre